mandag 25. juni 2018

Salme 63,8

Ei vipemor passar på ungane sine ein våt junidag 2017. Bilete er teke i hagen vår.

 8 For du har vore ei hjelp for meg,  eg jublar i skuggen av dine venger.


I vers 8 lærer me tre ting: Gud er Davids HJELP. Gud har ikkje berre hjelpt han i enkelte situasjonar, han har ikkje berre vore TIL hjelp for han, men han  HAR VORE HANS HJELP. Og det skal også du, min lesar vita at er du ein kristen, er Gud di HJELP. For er du som alle oss andre, treng du dagleg at Gud hjelper deg. Og det er i den samanheng interessant at Den Heilage Ande på svensk er kalla for HJELPAREN. Det er eitt av vår kjære Guds mange namn. Uansett kva du held på med, er Herren di hjelp. Det skal du få rekna med. Og særleg er det når du vitnar om Jesus for din neste. Då hjelper han deg, så du kan bli til hjelp.
Det andre me lærer er at David lever i skuggen av Guds vengjer. Dette bilete av Gud som ei ørn som vernar ungane med dei veldige vengjene sine, kjenner me frå 5.Mosebok. I Matteusevangeliet kap 23 samanliknar Jesus seg forresten med ei høne som så gjerne vil verna kyllingane sine under vengjene sine. Det er det same bilete. Dette er altså den posisjonen alle lever i som er komne til Gud med liva sine og overgjeve seg til han. Me lever i skuggen av Guds vengjer, og der er me trygge, verna mot alle farar. 
Og for det tredje: Under Guds vengjer jublar David. Kvifor det? Sjølvsagt fordi han har fått hjelp, men mest av alt fordi det er den normale og naturlege uttrykksform rundt Gud. Det les me i Jesaja 6 og mange stader i Johannes openberring. Den som kjem inn i Guds nærvær, blir dregen med i jubelstemninga som er der. 




          
   
  

Ingen kommentarer: