Vers 1: Oppfordring til lovsong "der dei trugne samlast", altså i kyrkjelyden. Israel er skapt av Gud, og kan gleda seg over sin spesielle historiske posisjon som Guds utvalde folk, og det kan også me gjera som gjennom Jesus Kristus er påkopla dette folket. Vers 2 er ein parallellisme der den andre strofa er lik den første berre uttrykt med andre ord. Vers 3 rettferdiggjer lovsongsdans og bruk av rytmeinstrument i Guds forsamling.
Vers 4 er vakkert. Gud har hugnad i dei som i si hjelpeløyse grip tak i han. Deira liv kronar han med siger.
Vers 5 utvidar lovsongsmotivet. Her er det JUBEL og ROP. Det tek liksom litt av, kan du seia.
I vers 6 går me i krigen med lovsong i munnen og tvieggja sverd i handa. På salmistens tid var nok dette høgst konkret tenkt. Men i lys av Hebr, 4 kan me for vår del godt tenkja oss dette som ein åndeleg erobringskrig der Jesu Kristi kyrkje går ut i verda med lovsong i munnen og Bibelen i handa.
Som kristne forkynner me både lov og evangelium. Guds lov definerer rett og galt, vondt og godt, og refsar og bind kongar og folk i deira synd og dømmer hjartans tankar og planar. Det er kyrkja si ære å forkynna Guds ord uavgrensa, reint og uforfalska.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar