mandag 14. oktober 2013

Salme 37,25-29

   25 נ Ung har eg vore, no er eg gammal,
          aldri har eg sett ein rettferdig forlaten
          eller hans born be om brød.
         
   
26 Han er alltid miskunnsam og låner ut,
          hans born blir ei velsigning.
         
   
27 ס Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode,
          så skal du bu trygt for alltid.
         
   
28 For Herren elskar det som er rett,
          han forlèt ikkje sine trugne.
       
          ע Dei blir haldne oppe til evig tid,
          men borna til dei urettferdige blir utrydda.
         
   
29 Dei rettferdige skal arva landet
          og alltid få bu i det.


Vers 25 er ein observasjon. Det betyr ikkje at born av rettferdige aldri må be andre om brød, men at David aldri hadde sett det. Det han vil seia er dette: Gud er nær hos sine barn, passar trufast på dei og dreg omsorg for dei på alle nivå.

Vers 26: Denne omsorga er knytt til den rettferdige sin rause livsstil. Han låner ut til andre med det resultat at borna hans vert velsigna. I den norkse omsettinga står det at "hans born vert ei velsigning", men på engelsk les me at "borna hans vert velsigna," og den siste omsettinga heng betre saman med vers 25. 

Vers 27 er ei oppfordring til å snu ryggen til det vonde og leva rettferdig. Den som det gjer bur trygt. Det vonde avlar vondskap og framkallar farlege situasjonar. Det gode avlar godleik som gjer livet trygt. 

Vers 28: Dinest elskar Gud det gode og rette, og han er nær hos dei som trufast gjer det gode, vernar dei og fører dei til seg der dei skal få nyta han i all æva. 

Men borna åt dei urettferdige vert utrydda. Ikkje fordi dei har urettferdige foreldre, men fordi dei har teke etter foreldra sine og kjem under same domen.

Vers 29: Det er dei rettferdige som skal arva landet og alltid bu der. For det jødiske folket er dette eit viktig ord. Lovnaden om Israels land er klårt og tydeleg knytt opp til tru og liv. Slik også med Guds barn i Noreg. Lever me rettferdig, vil Gud gje oss landet. Dvs.:  folket vil koma til tru og innretta liva sine etter Gud og hans ord på alle områder, og Gud får dominans i folkelivet.

 

Ingen kommentarer: