Vers 2 er ein lovnad. Gud skal reisa seg. Motivet er kjent. Når Gud reiser seg, er det for å intervenera i ein fortvila situasjon, for å frelsa folket sitt som er undertrykt av fiendar. Det inneber at folket sine fiendar, som også er Guds fiendar, må rømma og trekka seg bort.
Gud har mange fiendar i dag, menneske som opponerer mot hans ord, menneske som ikkje vil anerkjenna hans overherredøme, menneske som vil leva etter sine eigne reglar, menneske som hatar Gud og forfølgjer hans kyrkje, dei som forkynner hans lover som sanne, rette og gyldige. Ein dag skal Gud reisa seg, og då må dei rømma frå han.
v.3. Dei som opponerer mot Gud og hans ord er urettferdige menneske. Gud skal driva dei bort som om dei var røyk, dei skal smelta som voks for elden og går til grunne. Når Gud bestemmer seg for å ta eit oppgjer med menneske som har forkasta han og hans bod, blir dei små og hjelpelause.
v.4. Men dei rettferdige skal gleda seg. Kven er dei rettferdige? Det er dei som har Gud som gud, dei som bøyer seg for hans ord og som stolar på det han har sagt, ja som elskar ordet hans og nærer seg av det, dei som lovar og prisar han natt og dag og som gjer det gode. Dei skal fryda seg for Guds ansikt. Å vera for Guds ansikt betyr å ha personleg fellesskap med han. Det å nyta det personlege fellesskapet med Gud, han som skapte himmel og jord og som elskar oss menneske så ufortent, fyller dei med ei useieleg glede. Slik må det vera for det er dette alle menneske er skapte til og for.
v. 5 er ei oppfordring til å synga for Gud og lovsynga hans namn. Menneske er eit syngande vesen. Gud har skapt oss slik at me kan synga, og han vil at me skal synga for HAN. Alle plassar der det er fest og glede, er det sang. Gud elskar sang, og han gjev oss heile tida nye songar som me saman kan synga for han og gleda han og kvarandre med. Slik sett lever me no i ei fantastisk tid.
Gud rid gjennom øydemark, les me her, og me blir oppfordra til å rydda veg for han. Korleis gjer me det? Jo, ved å lovsynga han seint og tidleg. Øydemarka er eit bilete på eit etter måten livlaust område her i verda. Saka er den: Verda er blitt ein åndeleg sett daud plass. Men Gud er på frammarsj for å grunnleggja og fremja sitt rike, fullt av liv og glede. Når me som elskar Gud, lovar og prisar han, ryddar me veg for han, og hans sak får framgang i verda. Nye menneske kjem til tru, og midt i øydemarka dukkar det opp oasar, nye kyrkjelydar der livet spirer og gror, plassar der Gud får ære og pris. Lovsongen, gjeven av Gud, driv døden bort, og fremjar tru og åndeleg liv i og hos menneske som lever mellom og saman med Guds jublande barneflokk.
På denne bloggen vil eg gå gjennom og kommentera ein del bibelske tekstar vers for vers. Bibelen er basis for den kristne trua, og det kristne livet, og alt me tenkjer, gjer og besluttar må målast på det som står der. Ver med meg på denne reisa og lat deg inspirera.
Viser innlegg med etiketten fiendar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fiendar. Vis alle innlegg
lørdag 2. mars 2019
tirsdag 8. oktober 2013
Salme 37,18-20
18 י Herren kjenner dagane til dei heilhjarta,
deira arv skal vara til evig tid.
19 Dei blir ikkje til skamme i vonde tider,
når det er hungersnaud, får dei eta seg mette.
20 כ Men dei lovlause går til grunne.
Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,
dei kverv som røyk.
v.18: Dei heilhjarta er dei ærlege og fromme menneska som trur på Herren. At Herren kjenner dagane deira innber at han veit korleis dei har det, og engasjerer seg i liva deira. Dei er Guds barn, og som barn arvar dei alle Guds frelsesgåver og alle hans rikdomar.
v.19: Dei skal ikkje bli til skamme i vonde tider. Dei fromme forkynner jo Guds truskap. Det kjennest som ein sjanse å ta, men Gud skal i krisetider demonstrera at dei har tala sant om han, at dei har hatt rett. Ingen skal kunna koma og seia til dei at dei tok feil, eller at dei lova for mykje på Guds vegne eller noko slikt. Dei skal få eta seg mette, sjølv om det er lite mat, eit fenomen som Jesus demonstrerte då han metta 5000 menn i øydemarka.
v.20: Dei lovlause går til grunne. Det vil bli felt ein dom over alle som ikkje anerkjenner Gud og hans ord. Få snakkar om det i våre dagar. Det er eit stort tap. For alle lovlause har rett til å høyra om den lagnaden som ventar dei dersom dei ikkje vender om. For då skal dei bli borte, visna som blomster og kverva som røyk og blir til ingenting. Dette i motsetnad til dei rettferdige som får aukande innflytelse og blir for evig.
deira arv skal vara til evig tid.
19 Dei blir ikkje til skamme i vonde tider,
når det er hungersnaud, får dei eta seg mette.
20 כ Men dei lovlause går til grunne.
Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,
dei kverv som røyk.
v.18: Dei heilhjarta er dei ærlege og fromme menneska som trur på Herren. At Herren kjenner dagane deira innber at han veit korleis dei har det, og engasjerer seg i liva deira. Dei er Guds barn, og som barn arvar dei alle Guds frelsesgåver og alle hans rikdomar.
v.19: Dei skal ikkje bli til skamme i vonde tider. Dei fromme forkynner jo Guds truskap. Det kjennest som ein sjanse å ta, men Gud skal i krisetider demonstrera at dei har tala sant om han, at dei har hatt rett. Ingen skal kunna koma og seia til dei at dei tok feil, eller at dei lova for mykje på Guds vegne eller noko slikt. Dei skal få eta seg mette, sjølv om det er lite mat, eit fenomen som Jesus demonstrerte då han metta 5000 menn i øydemarka.
v.20: Dei lovlause går til grunne. Det vil bli felt ein dom over alle som ikkje anerkjenner Gud og hans ord. Få snakkar om det i våre dagar. Det er eit stort tap. For alle lovlause har rett til å høyra om den lagnaden som ventar dei dersom dei ikkje vender om. For då skal dei bli borte, visna som blomster og kverva som røyk og blir til ingenting. Dette i motsetnad til dei rettferdige som får aukande innflytelse og blir for evig.
Etiketter:
dei lovlause,
fiendar,
gå til grunne,
heilhjarta
torsdag 19. juli 2012
Salme 27,11-14
11 Herre, lær meg din veg
og lei meg på jamne stigar, for eg er omgjeven av fiendar.
12 Gjev meg ikkje over til grådige fiendar!
For falske vitne står opp imot meg,
menn som trugar med vald.
13 Men eg er viss på at eg skal sjå
kor god Herren er, her i livsens land.
14 Set di von til Herren!
Ver frimodig og sterk,
ja, set di von til Herren!
v.11: Når me har rota oss bort, er det heilt legitimt å spørja kjentfolk om vegen. Ikkje noko flaut i det. Tvert om. Det er klokskap. I den åndelege verda er Jesus kjentmann. Skal me finna fram til Gud og nå hans mål med liva våre, må me be Jesus om leiing. Og Jesus svar på vår bøn er: "Følg meg!" Det er ingen annan måte å nå fram til Gud og hans mål med liva våre enn å følgja Jesus og pleia nærkontakt med han. Å tru på Jesus er å tru på han slik at du følgjer han. Me må følgja han som kjenner vegen, og då må me gå der han går og leva som han gjorde medan han var i mellom oss. Kor går Jesus idag? Som alltid går han til dei fortapte og ulukkelege for å kalla til omvending og etterfølging, og formidla himmelsk kraft og kjærleik inn i folks liv. Det er å gå "jamne stigar". Det er trua og kjærleikens veg. Jesus har ingen interesse av at du skal snubla deg gjennom livet, men at du skal gå med faste steg utan falla for kvar meter du bevegar deg. Lever du i tru og kjærleik, vil dette gå bra. Men fjernar du deg frå Jesus og begynnar å leva for deg sjølv og dine eigne interesser, blir falla og skadane mange. Då er du i fiendens vald, for han er aldri langt borte frå deg, og Jesus er den einaste som kan verna deg mot hans listige åtak (Efesarbrevet 6,11 ff).
v.12: Guds barn er i verda men ikkje av verda. Forfølging og falske vitnemål er ein del av familiens kår, i alle fall så lenge familien gjer det han er kalla til å gjera: forkynna evangeliet, tala dei undertrykte si sak, løfta opp dei fattige, lækja dei sjuke og setja fri dei som er bundne av djevelen. Den som driv på med slikt, får kjørt seg. Han/ho handlar i strid med det folk flest oppfattar som sant og rett og godt, og det dukkar opp ein trong i dei til å kritisera eller sogar kjempa mot slike "trongsynte" kristne, og dei kan bli skikkeleg urimelege, og som me veit, i mange land og kulturar endar det opp med vald. Mange titusen (nokre meiner så mange som 160 000) kristne vert drepne for trua si kvart einaste år. Dette er menneske som har nådd målet, som går inn i "landet åt dei levande", der dei uhindra får sjå kor god Herren er (v. 13). I den norske omsettinga skriv dei "HER i livsens land." Men dette ordet HER finn eg ikkje i nokon andre omsettingar. Der er det tydeleg at "livsens land" ikkje primært er HER, men DER. Likevel: Guds rike er kome nær, og det evige livet startar her. Ved trua på Jesus lever me i alt det som ein dag skal koma i kraft og herlegdom, og himmelens krefter og Guds søte nærvær kjem til oss porsjonsvis medan me følgjer Jesus på vår reise gjennom jordlivet.
v.14 er igjen ei oppfordring om å venta på Herren, at han skal gripa inn i liva våre og syna kva Han er god for, eller at han skal koma igjen for å døma levande og døde. Dette er ikkje tome ord. Ingen av dei som ventar på Herren skal bli til skamme. Difor kan me vera sterke og uforsagte og gå framover med stor tillit til at Jesus er med oss og stadfestar ordet me deler ut med under og teikn av ulike slag.
Etiketter:
etterfølging,
fattige,
fiendar,
forfølging,
livsens land,
lækjedom,
omvending,
oppreising,
ulukkelege
torsdag 12. juli 2012
Salme 25,14-22
15 ע Mine auge er alltid vende mot Herren,
for han dreg mine føter ut or garnet.
16 פ Vend deg til meg og ver meg nådig,
for eg er einsam og hjelpelaus.
17 צ Ta bort det som tyngjer mitt hjarte,
før meg ut av mine trengsler!
18 Sjå mi naud og mitt strev
og tilgjev all mi synd!
19 ר Sjå mine fiendar, kor mange dei er!
Dei hatar meg med eit nådelaust hat.
20 ש Vern mitt liv og berg meg,
lat meg ikkje bli til skamme,
for eg søkjer tilflukt hos deg.
21 ת Lat uskuld og rettsinn verna meg,
for eg set mi von til deg!
22 Gud, fri Israel ut
frå alle deira trengsler!
for han dreg mine føter ut or garnet.
16 פ Vend deg til meg og ver meg nådig,
for eg er einsam og hjelpelaus.
17 צ Ta bort det som tyngjer mitt hjarte,
før meg ut av mine trengsler!
18 Sjå mi naud og mitt strev
og tilgjev all mi synd!
19 ר Sjå mine fiendar, kor mange dei er!
Dei hatar meg med eit nådelaust hat.
20 ש Vern mitt liv og berg meg,
lat meg ikkje bli til skamme,
for eg søkjer tilflukt hos deg.
21 ת Lat uskuld og rettsinn verna meg,
for eg set mi von til deg!
22 Gud, fri Israel ut
frå alle deira trengsler!
Vers 15 er eit sterkt uttrykk for kva BØN er for noko, DET ER Å HA AUGO VENDE MOT HERREN. Gud treng ikkje alle orda våre, han vil berre ha kontakt, og ein ting kan du vera sikker på: augo HANS er alltid vende mot DEG, og når du vender blikket mot HAN, har de ein sterk personleg kontakt.
Når me får sjå Gud, erfarer me fridom i sjela, for han er ein Gud som dreg føtene våre ut av garnet, les me. Denne fridomen erfarer me når me ser han, for fridomen ligg i kjærleiken, og kjærleiken kjem til oss gjennom Guds gode blikk som talar sterkare enn ord, og denne godleiken bevarer oss mot å synda og gjera dumme ting som bind oss på ein negativ måte.
David ber så i vers 16 om at Gud skal venda seg mot han, og gje han det himmelske fellesskapet han treng i si einsemd. Han ber om å få sjå Guds ansikt, dei gode augo og smilet hans.
Ofte ber me slik. Det er naturleg. Men David har alt det han ber om. Men problemet ligg hos han sjølv. Han har vanskar med å fokusera, han har blikket vendt mot Gud, men synet hans er dimt slik at han ikkje ser at bøna hans alt er besvart før ho er beden. Slik er det gjerne når nauda er stor. Me misser Gud av syne og trur han har vendt seg bort frå oss.
I vers 17 ber han Gud om å ta bort det som tyngjer han, løysa problema for han fortare enn svint, og føra han ut or problema som han openbert har skapt sjølv ved å synda (v. 18) Det er heilt legitimt å be Gud om å hjelpa deg med problemer som du sjølv har påført deg ved å vera umoralsk eller dum. Me trur at Gud tilgjev oss syndene våre, men tenkjer fort at konsekvensane må me ber sjølv, at han let oss steika litt i vårt eige feitt. Men Gud er ikkje slik. Han frir oss også ut av følgjene av syndene våre.
I vers 19 klagar han over fiendane sine. Det fører tankane mine til alle kristne som i vår tid opplever trakassering og forfølging. Dei fleste kristne i verda er i ein slik situasjon. Dei må betala for trua si med yrkesforbod, diskriminering, fengsel, tortur og død. Jesus sa: Har dei behandla Meisteren slik, kan ikkje læresveinane hans venta å bli behandla på nokon betre måte. Det er vondt å bli hata, og ein blir fort freista til å hata tilbake. Guds barn har berre ein ting å gjera med dette: å gå til Gud med det. Me må overlata fiendane våre til han, og be om nåde til å elska dei etter Jesu befaling.
Difor ber han i vers 20-21 om å bli verna mot synd gjennom det personlege sterke fellesskapet med Gud, han som gjev oss håp om betre tider. Det er ei stor kraft i håpet, håpet om himmelen, men også håpet om betre tider før himmelen. Håpet held oss oppe. Når me veit at Gud har teke sakene våre i sine hender, tenkjer me fort at det som er dårleg i dag, kan bli betre i morgon. Stundom høyrer eg det sagt: "Det skjer ikkje mirakler!" Jo, det gjer det. Det skjer mirakler. Gud kan snu ein vanskeleg situasjon på ein augneblink, eller han kan bruka ein vanskeleg situasjon for å snu oss. Det er eit mirakel begge deler.
I vers 22 vert perspektivet utvida. Her handlar det ikkje lenger berre om David, men Israel, som han strengt tatt representerer. Det er ei bøn som me må be for jødane og Israels land og folk den dag i dag. Trengslene deira har vore utan sidestykke gjennom historia, og er det den dag i dag mange stader, og hatet mot Israel veks seg større og større. Ikkje minst i Noreg. Det vil bli eit problem for oss. Men det er også i ei bøn for den lidande Jesu Kristi kyrkje, som er pota inn i Israel. Årleg må rundt rekna 160 000 kristne lata livet for fordi dei trur på Jesus, og for kvar martyr er det eit mangesifra tal av kristne som sørgjer og lid store tap.
Etiketter:
fellesskap,
fiendar,
Guds kjærlighet,
håp,
Israel,
jødefolket,
mirkaler
Abonner på:
Innlegg (Atom)