torsdag 19. juli 2012

Salme 27,11-14

  
   
11 Herre, lær meg din veg
          og lei meg på jamne stigar, for eg er omgjeven av fiendar.
        
   
12 Gjev meg ikkje over til grådige fiendar!
          For falske vitne står opp imot meg,
          menn som trugar med vald.
        
   
13 Men eg er viss på at eg skal sjå
          kor god Herren er, her i livsens land.
        
   
14 Set di von til Herren!
          Ver frimodig og sterk,
          ja, set di von til Herren!

v.11: Når me har rota oss bort, er det heilt legitimt å spørja kjentfolk om vegen. Ikkje noko flaut i det. Tvert om. Det er klokskap. I den åndelege verda er Jesus kjentmann. Skal me finna fram til Gud og nå hans mål med liva våre, må me be Jesus om leiing. Og Jesus svar på vår bøn er: "Følg meg!" Det er ingen annan måte å nå fram til Gud og hans mål med liva våre enn å følgja Jesus og pleia nærkontakt med han. Å tru på Jesus er å tru på han slik at du følgjer han. Me må følgja han som kjenner vegen, og då må me gå der han går og leva som han gjorde medan han var i mellom oss. Kor går Jesus idag? Som alltid går han til dei fortapte og ulukkelege for å kalla til omvending og etterfølging, og formidla himmelsk kraft og kjærleik inn i folks liv. Det er å gå "jamne stigar". Det er trua og kjærleikens veg. Jesus har ingen interesse av at du skal snubla deg gjennom livet, men at du skal gå med faste steg utan falla for kvar meter du bevegar deg. Lever du i tru og kjærleik, vil dette gå bra. Men fjernar du deg frå Jesus og begynnar å leva for deg sjølv og dine eigne interesser, blir falla og skadane mange. Då er du i fiendens vald, for han er aldri langt borte frå deg, og Jesus er den einaste som kan verna deg mot hans listige åtak (Efesarbrevet 6,11 ff).

v.12: Guds barn er i verda men ikkje av verda. Forfølging og falske vitnemål er ein del av familiens kår, i alle fall så lenge familien gjer det han er kalla til å gjera: forkynna evangeliet, tala dei undertrykte si sak, løfta opp dei fattige, lækja dei sjuke og setja fri dei som er bundne av djevelen. Den som driv på med slikt, får kjørt seg. Han/ho handlar i strid med det folk flest oppfattar som sant og rett og godt, og det dukkar opp ein trong i dei til å kritisera eller sogar kjempa mot slike  "trongsynte" kristne, og dei kan bli skikkeleg urimelege, og som me veit, i mange land og kulturar endar det opp med vald. Mange titusen (nokre meiner så mange som 160 000) kristne vert drepne for trua si kvart einaste år. Dette er menneske som har nådd målet, som går inn i "landet åt dei levande", der dei uhindra får sjå kor god Herren er (v. 13). I den norske omsettinga skriv dei "HER i livsens land." Men dette ordet HER finn eg ikkje i nokon andre omsettingar. Der er det tydeleg at "livsens land" ikkje primært er HER, men DER. Likevel: Guds rike er kome nær, og det evige livet startar her. Ved trua på Jesus lever me i alt det som ein dag skal koma i kraft og herlegdom, og himmelens krefter og Guds søte nærvær kjem til oss porsjonsvis medan me følgjer Jesus på vår reise gjennom jordlivet.

v.14 er igjen ei oppfordring om å venta på Herren, at han skal gripa inn i liva våre og syna kva Han er god for, eller at han skal koma igjen for å døma levande og døde. Dette er ikkje tome ord. Ingen av dei som ventar på Herren skal bli til skamme. Difor kan me vera sterke og uforsagte og gå framover med stor tillit til at Jesus er med oss og stadfestar ordet me deler ut med under og teikn av ulike slag.

Ingen kommentarer: