onsdag 18. juli 2012

Salme 27,7-10

 7 Høyr, Herre! Eg ropar høgt.
          Ver meg nådig og svar meg!
        
   
 8 Eg kjem i hug at du har sagt:
          «De skal søkja mitt andlet.»
          Ditt andlet søkjer eg, Herre.
        
   
 9 Løyn ikkje andletet for meg!
          Vis ikkje din tenar bort i vreide,
          du som har vore mi hjelp.
          Gud, min frelsar,
          støyt meg ikkje frå deg, forlat meg ikkje.
        
   
10 Om far og mor forlèt meg,
          vil Herren ta imot meg.

v.7: David ropar høgt til Herren. Det er eit uttrykk for intens bøn.  Det står mykje om å ropa i Bibelen. Dei som er i naud ropar til Gud (Salme 107), serafane i himmelen ropar til kvarandre "Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot", evangelistar ropar på høgdene. Hos oss er det stillfarande eit ideal når me skal uttrykka oss for Gud og kvarandre. Men ikkje i Bibelen. Der er det legitimt å ropa og trykkja på når du ber, lovsyng eller forkynner evangeliet. 

David veit at han fortener ikkje hjelp frå Gud, men han appellerer til Guds nåde. Gud har sjølv kopla bøna og nåden. Me les hos profeten Sakarja at Gud vil ausa ut over Israel "bøna og nådens Ande". Bøna er i seg sjølv ein nåde, og når me ber, ber me til Gud som er full av nåde. Men me treng Anden for å forstå dette, for han er sendt oss for å tolka Guds hjarta for oss, for at me skal kunna lesa av og forstå det som er i djupet av Gud, og der finn me den godleiken me er skapte for og som me lengtar etter å svømma i. 

I vers 8 svarar Gud David. Og svaret kjem i form av ei påminning. Gud minnar David om ordet sitt. Slik svarar Gud både titt og ofte dei som ber.  Me har alltid våre førestellingar om korleis Gud skal hjelpa oss, men Gud ser lenger og djupare, og han vil ha oss med på det han held på med, og difor svarar han med å openberra nye sanningar i Ordet for oss. Johannes døyparen opplevde dette i fengslet. Han ville så gjerne at Jesus skulle demonstrera sin messianske gjerning med å koma å fri han ut, men Jesus svara han med å minna han om eit ord frå Jesaja, og dette ordet gav Guds villmann den hjelp han skulle ha. I Salme 107,20 les me at Gud "sende sitt ord og lækte dei og fria dei frå grava."


Og dette er også mitt vitnemål. I djup naud hjalp Gud meg ved å minna meg på eit ord frå han eg hadde høyrt. Det gav stor forløysing.

"De skal søkja mitt andlet," var ordet som kom til David. Det gav bøna ein ny retning. Når me ber er me ofte fokusert på det som me manglar. Slik misser me perspektivet. For det handlar ikkje om oss og våre behov. Det handlar om Gud og hans brennande ønske om å ha fellesskap med oss. Gud inviterer oss inn i sitt fellesskap, og når me "ser" lyset og gleda i Guds andlet, hans aksepterande smil, og høyrer hans "du er min", då blir det som før var stort, smått, og det som før var smått, stort. I Salme 23 får me dette illustrert så fint i vers 1 når David skriv: "Herren er min hyrding, EG MANGLAR INGENTING." 

v.9: Så blir det berre èin ting som vert viktig for han å be om, om å få sjå Gud, om å få finna roen innved Guds hjarta, om ikkje å bli bortvist frå han som han har levd med, tent og elska i årevis. For eit truande menneske er det berre èin ting som er farleg: Å stella seg slik at ein kjem bort frå Gud i sitt hjarta. Det skjer når ein avviser Guds ord. Og den som det gjer, vil bli vist bort frå Gud på den siste dag. David skjelv ved tanken. Men ingen er så store i Guds rike at ein ikkje kan falla. Det visste David etterkvart alt for godt. Det er eit teikn på eit sunt åndsliv at ein erkjenner at dette kan skje. Det skal hjelpa oss å sanna syndene våre, og avvisa alt som vil inn i liva våre som ikkje er av Gud. 

v.10 er et ord rett inn i vår tid. Så mange barn i våre dagar veks opp utan dagleg kontakt med èin av foreldra, og ofte er det far som manglar. Den anglikanske presten Mark Stibbe snakkar om "den farlause generasjonen", og han har skrive ei framifrå bok som nyleg kom ut på norsk: "Far, hvor er du?" (Prokla-Media/Luther 2012). Dei siste åra har han leida organisasjonen Farther`s House Trust (www.fathershousetrust.com) der alt handlar om å møta den farlause generasjonen (i England er situasjonen enno verre enn i Noreg)  med Guds gode og sterke farsskap. Å lytta til Stibbe når har forkynner om dette (og mangt anna) er ei stor oppleving. Han er ein mann som har opplevd dette sjølv, og han har ein stor bank av forteljingar å dela frå om menneske som har fått fylt tomromma sine med Gud, som er Far for alle, og som har opplevd sjeleleg og kroppsleg lækjdom då Gud kom inn. 

Mark Stibbe under ein konferanse i IMI-kirken i Stavanger 6.-8. juni i år


Ingen kommentarer: