tirsdag 3. juli 2012

Salme 23,6

Dei fleste opplever vel at dei jagar etter lukka. Det skal visstnok vera eit særpreg ved oss menneske det. Men David opplevde det motsett, nemleg at lukka jaga etter HAN. Dette gjev oss eit sterkt og vakkert bilete av Gud, han er ein far som alltid ser til barna sine, at dei er lukkelege og har det godt. Slik gjer jo forresten  alle normale foreldre. Dei vita at barna deira har det godt. Og dersom dei har ein mistanke om det motsette, tek dei initiativ for å ordna på problemet, ofte utan at barnet har spurt om noko som helst. Og for å bruka Jesu logikk: Når me som er vonde veit å alltid gje barnet det beste, kor mykje meir ikkje då Gud som heilt gjennom er god!

Du slepp å springa etter Guds godleik og miskunn. Alt kjem til deg. Du blir forfølgt av det gode.
Det er ekstremt viktig at me får tak i Guds hjarta, i hans karakter. Han er ikkje passivt god, men aktivt god.  Han ikkje berre tilgjev oss, men han elskar oss slik at han har betalt for tilgjevinga ved å koma til oss som eit menneske, oppfylla si eiga lov på våre vegne og døy for våre lovbrot og stå opp frå dei døde til vår rettferd. Så sende han læresveinane sine ut for å proklamera si frelse og byda alle om å venda om til seg og bli hans barn av nåde, og i dag sit han som Herre i himmelen og sender ut sine vitne i alle himmelretningar for å etablera sitt rike og si kyrkje i alle folkeslag.

"Herrens hus" er synonymt med Guds familie, hans hushaldning, hans kyrkje. I 1.Peters brev 2 les me at me som truande menneske er eit fellesskap av "levande steinar" som vert bygd opp til ein åndeleg hus. Steinane i det jordiske templet var fint tilskorne (korleis fekk dei det til?) og tett samanføydde.  Den eine støtta seg til den andre, eit sterkt uttrykk for Guds visjon for si kyrkje: folk som lever tett på kvarandre, støttar kvarandre og tilpassar seg kvarandre.

David er så glad for at han skal få bu i Herrens hus, og det gjennom lange tider. Fellesskapet startar her og så held det fram i all æva på den andre sida.

Kvifor var det så godt og viktig for David å bu i Herrens hus? Fordi der er Gud, og David var så inderleg glad i han. Difor ber han i Salme 51, etter å ha synda, følgjande i vers 13: "Driv meg ikkje bort frå ditt andlet, ta ikkje frå meg din heilage Ande!"

Det verste som kunne hendt denne mannen var å bli isolert frå Gud og blr fråteken Den heilage ande. Det er å vera fortapt.

David hadde stor glede av å leva nær til Gud, og var ein flittig gjest i tabernaklet. Davids tabernakel var forresten heilt annleis enn det Moses laga i Sinai. Det var berre eitt rom i Davids tabernakel, og der sto paktarka i midten, og det var fritt for alle å koma inn og ta del i lovsongen som lydde 24/7. Davids tabernakel var profetisk, og peika framover mot Jesus som opna vegen inn til Gud for oss alle, priveligerte som me er. Fellesskapet i dette tabernaklet var Herrens hus for David. Der kunna han nyta og gleda seg over samfunnet med Gud og sine medtruande.Men som han vel visste og hadde røynt: Evna til å erfara Guds nærvær var heilt avhengig av at han innretta livet sitt etter Guds bod. Slik er det framleis. For, som me skal sjå i Salme 24, er det slike menneske som får tilgang til Gud.

Alle som elskar Jesus, elskar også sine kristne søsken, dvs dei elskar å vera i lag med dei, og oppleva Gud saman med dei. Slike samlingar er veka sine høgdepunkt for Guds barn. Den som ikkje kjenner det slik, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.


Ingen kommentarer: