søndag 15. juli 2012

Salme 26,6-12

 6 Eg vaskar mine hender i uskuld, Herre,
          så eg kan gå omkring ditt altar
         
   
 7 medan eg lèt mi lovsongsrøyst lyda
          og fortel om alle dine under.
         
   
 8 Herre, eg elskar din bustad,
          staden der din herlegdom bur.
         
   
 9 Riv meg ikkje bort med syndarar
          så eg mistar livet saman med drapsmenn.
         
   
10 Dei har udåd i hendene,
          høgre hand er full av stikkpengar.
         
   
11 Men eg fer fram utan skuld.
          Løys meg ut og ver meg nådig!
         
   
12 Min fot står på jamn grunn.          Der folk samlast, skal eg velsigna Herren.

v.6. Å vaska hendene var ein gamal skikk for å stadfesta eiga uskuld (sjå 5.Mos.21,6).  Det var ein slags eid. Pontius Pilatus må ha visst om denne jødiske skikken då han dømde Jesus til døden og samstundes sa seg fri frå skuld. Det hjalp han så lite, for vaskinga kunne ikkje vaska bort skuld, berre stadfesta at det ikkje var noko skuld å vaska bort.

David vaska hendene framfor Guds ansikt for å stadfesta at han hadde rett til omgang med (gå omkring ditt alter), at han ikkje hadde noko uoppgjort på samvitet. 

Vårt altar er Kristi kross. Der kan me ha fortruleg omgang med Gud, for det var der Kristus tok bort alle våre synder, og har me lagt alt vårt på bordet, får me koma Gud nær eine og åleine pga Kristi kross. 

v.7: I Guds nærvær sømer det seg med lovsong, og hans nærvær løyser lovsongen ut i sinn og munn. Når du kjem nær til Gud, eller han kjem nær til deg, blir du fanga at ein atmosfære av glede, høgtid og vørdnad, og lovsongen vellar fram i deg. Det andre som skjer med deg er at du får trong til å dela med andre det du har sett og høyrt hos Gud. Det blir så enormt stort for deg, ikkje ein del av livet, men heile livet. Den som får stå Gud nært, blir eit evangeliserande menneske.

v.8: Kor er Guds bustad? Kor finn me hans herlegdom? Guds budstad er hans truande kyrkje, og hans kyrkje finn du der dei truande samlast for å tena kvarandre og dela Ordet, brødet og vinen med kvarandre. I alt dette er Guds herlegdom løynt, og kjem fram i dagen ved at menneske kjem til omvending og tru, at Anden og hans nådegåver vert utdelt og tatt imot, at Gud vert æra, at sjuke vert lækte, bundne sett fri osv. 

Guds sanne kyrkje er svaret for den som ønsker å bli kjent med Gud i vår tid. Difor seier David i vers 12 at han vil prisa Gud der folk samlast, eller i forsamlinga, som det står både både King James og Lutherbibelen. (Men elles er det fint om kristne lovsyng Herren alle plassar der folk samlast. Det vil føra Guds nærvær ut i verda og mange til tru, det.)

v.9-10  er i følgje King James studiebibel er det ein konges bøn om at ikkje makta skal blenda han og gjera han til ein korrupt drapsmann og få dom deretter. I ei gamal Brorsonsalme syng me: 

"Begynt er ikke endt, 
det fatt i tide, 
du som har Jesus kjent, 
bli ved å stride. 
Tenk hvilken skjendig ting først Gud å kjenne, 
og siden seg omkring 
til verden vende."   

 I vers 11a. hevdar David igjen at han er uskuldig. Å vera uskuldig betyr ikkje å vera utan synd, men at ein dømer synda hos seg sjølv og vender seg bort frå henne, og ikkje fornektar eller skjuler henne på noko vis. Det er å leva med integritet. Difor er det meiningsfullt for David å be om å bli forløyst og benåda. Om han ikkje lever i synd, kjenner han trykket frå synda i sitt indre og er avhengig av at Gud frir foten hans frå fall, og syner han nåde for alt som er galt i hjarta. Slik er han som alle truande gjennom alle tider. 







Ingen kommentarer: