mandag 16. juli 2012

Salme 27,1-3

Denne salme deler me inn i 4 deler: vers 1-3, 4-6, 7-10 og 11-14
           
 1 Herren er mitt lys og mi frelse,
          kven skulle eg ottast?
           Herren er eit vern for mitt liv,
          kven skulle eg frykta?
         
   
 2 Når valdsmenn og fiendar nærmar seg for å sluka meg,
          då snublar og fell dei sjølve.
         
   
 3 Om ein hær vil slå leir mot meg,
          er mitt hjarte utan frykt.
          Om krigen trugar, endå er eg trygg.
             
 
v.1: David har sitt lys og si frelse  i Gud. Lys står for sanning, glede og von. Frelse handlar om tilgjeving, lækjedom og evig liv. Alt dette har den truande i Gud, ikkje i seg sjølv. Jesus seier om seg sjølv at han er verdas lys. Og Johannes skriv: Den som har Sonen, har livet. 

Vår frelse, framtid og von ligg i Jesus, ikkje i oss sjølve. Ofte leitar me i oss sjølv for å finna ut om me er sanne kristne, men me finn ingenting der som skulle tilseia det, smitta som me er av synd og vonde ting. Nei, me må løfta blikket og sjå på Jesus, rosa oss av Han og sanna med David: "Herren er mitt lys og mi frelse". Alt det eg manglar i meg sjølv, har eg i han som er gjeve meg som ei gåve frå himmelen.

Kven skal eg frykta? Dette er eit retorisk spørsmål der svaret er gjeve: INGEN. Det betyr ikkje at du ikkje er redd for både det eine og det andre, men har du Jesus har du ingen grunn til å vera redd korkje for  korkje folk eller fe, sjukdom eller død. Berre dette eine: å koma bort frå han som vil vera alt for deg. 
 
Så seier han: "Herren er eit vern for mitt liv!" I andre omsettingar lyder det gjerne: "Herren er mitt livs styrke" (King James) eller  "Herren er mitt livs kraft" (Luther). 

Me ber gjerne Gud og kraft til å leva som kristne og kraft til å gjera Guds gjerningar osv. I dag heiter deg gjerne salving. Ikkje noko gale i det. Men svaret på denne bøna er Herren sjølv. Den dagen me sannar at HERREN ER MI KRAFT, skjer det ei endring i liva våre. Me kviler med heile vår teneste i Gud, og det blir ei merkbar endring i effekten av det me gjer, for me begynnar å operera i tru på HAN SOM ER SALVA, ei tru som løyser ut mirakler på jorda, for han som bur i oss er større enn han som bur i verda.

v.2: David var stadig utsett for illgjerningsmenn. Som hærførar og konge var han i ein utsett posisjon. Ser me på kyrkja sin situasjon i verda, er bilete veldig likt. Kristne over alt er utsette for forfølging, diskriminering og overgrep av ymse slag. I våre dagar er det Guds familie i dei sentrale områda i Nigeria som blør mest. Men dei som går til åtak på Guds barn, undergrev sine eigne liv. Dei strir mot Jesus Kristus, og til slutt ramlar dei i si eiga grav om dei ikkje vender om og søkjer fred med Han. Hovudpoenget i dette er: Når vanskane tårnar seg opp for eit truande menneske, er Herren med i nauda, og det som ser ut som eit nederlag, blir garantert ein stor siger. 

v.3: David er verkeleg på offensiven her. Han har fått blikket festa på Herren, og motet hans er stort i han. No kan det koma kva det skal vera, ja, heile hærar. Det spelar ingen rolle. Herren er hans trumfkort som slår ut alle andre kort kor mange og gode dei enn er. Det er godt for oss når me kan surfa på slike openberringar. Må me berre ta vare på dei og dyrka dei så godt som me kan, for det kjem dagar då me ikkje ser så klårt som David ser her, dagar då me blir redde og må ropar og klagar til Gud om både det eine og det andre. Kristenlivet er sanneleg pendelprega. Men ta vare på dei gode dagane då alt er lyst og klårt og pris Herren alltid, også når gråveret og uveret set inn.


Ingen kommentarer: