tirsdag 17. juli 2012

Salme 27,4-6


   
 4 Eitt bed eg Herren om,
          dette ønskjer eg:
          å få bu i Herrens hus
          alle mine dagar,
          så eg kan sjå Herrens venleik
          og vera i hans tempel.
        
   
 5 Han gøymer meg i si hytte
          på den vonde dagen.
          Han løyner meg i sitt telt.
          På berget lyfter han meg opp.
        
   
 6 No ragar mitt hovud høgt over fienden ikring meg.
          Med jubel vil eg bera fram offer i hans telt.
          Eg vil syngja og spela for Herren.

Det som står i vers 4 er David si hovudbøn. Det er den eine tingen han ber om framfor alle andre ting. Dette minner om Jesu ord til Marta. Søstera Maria hadde sett seg ned med Jesus for å prata, medan Marta laga mat. Marta syntest dette var feil og kom bad Jesus om å sei til Maria at ho måtte hjelpa til med det praktiske. Då sa Jesus til Marta: "Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men EITT ER NAUDSYNT, Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne."  

David hadde, som Maria, forstått at det einaste som er naudsynt for oss menneske er å leva nært inn til Gud. Når me gjer det, ser me kor VAKKER Gud er. Dette er ikkje lett å forklara, men for den som erfarer Guds godleik og tilgjeving i sjela, har på ein måte ei ESTETISK oppleving. Og det å vera i Guds tempel er eit uttrykk for å vera i denne atmosfæren OVER TID. Mange kristne opplever Gud i glimt eller i kortare periodar. Men Gud har eit ønskje om at me skal vera i dette HEILE TIDA. Og når me er i dette, vert andre ting som me før opplevde som viktige, uvesentlege. Ein av bloggen sine lesarar delte noko med meg i går som handlar akkurat om dette her. Det var så oppmuntrande. 

Må David si bøn også bli vår. Gud likar slike bøner, og du vil garantert få eit positivt svar på den.

v.5. Det kjem vonde dagar til alle. Ingen unngår dei. Det er ein del av det å leva i ei fallen verd, og det er ikkje her naudsynt å lista opp alt som kan skje av sorg og naud.  Men dette verset lærer oss at Gud på den vonde dagen tek den som lever i hans tempel inn i si hytte, dvs. inn i sitt INTIME FELLESSKAP. Der får han/ho  den trøysta og det overlyset som vedkomande treng når smerten riv i dei.  Når vonde ting skjer, får mange vanskar med trua si. Kor er Gud? Kvifor skjer dette? spørsmål som legg stein til børa. Den som vert teken inn i Herrens hytte vert ikkje plaga av slikt. Gud og hans nærvær ber personen gjennom alle vanskelege fasar, og vedkomande står fram etterpå og seier: "Gud gav meg styrke. Hadde det ikkje vore for Gud, hadde eg ikkje klart meg. Gud er grunnfjellet i livet mitt. På han står eg støtt!"

I vers 6 er han komen gjennom. Fienden kan me her forstå som dei vanskane som ville ta knekken på han, han er blitt løfta høgt over dei. Han er komen seg ovenpå. Ikkje fordi han har arbeidd seg oppover, men fordi han altså er blitt løfta opp. Difor vil han syngja og spela for Gud. Lovsong er å synga for Gud. Artistar syng for menneske. Kristne syng for Gud. Lovsongen er ei gåve (offer) me gjev til han som har skapt oss, frelst oss og tek vare på oss. Vårt fremste kall og største glede er å lovsynga Gud, les me i § 1 den gamle Westminsterkatekisma. Etande godt sagt.



Ingen kommentarer: