Viser innlegg med etiketten kraft. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kraft. Vis alle innlegg

søndag 28. mai 2023

1.pinsedag 2023. Apostelgjerningane 2,1-4

Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad.  2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i.  3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.  4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.

Gode Gud og Far! Takk for ordet ditt som har kraft i seg til å frelsa, fornya, utrusta og lækja. Gjer det også i dag. Heilage Far, helga oss i sanninga. Ditt ord er sanning. 

I dag er det første pinsedag. Pinse handlar om mange ting. I dag vil eg fokusera på det som handlar om tilgjengelegheit.

For det første: Pinse betyr at Guds kjærleik og nåde er blitt tilgjengeleg for alle menneske i heile verda. 1.pinsedag, slik me les om denne i Apostelgjerningane 2, var startskotet for den kristne misjon. Døra inntil Gud hadde vore stengt for nasjonane, og berre på gløtt for israelittane. Men då Jesus døydde på krossen, rivna forhenget i tempelet som eit symbol på at døra inn til Gud vart slått på vidt gap for jødar og grekarar, kvinner og menn, rike og fattige, høge og låge, dei langt borte og dei som var nær. Men berre Den Heilage Ande kan overtyda menneska om at Jesus er Herre, og han kom på pinsedagen for å fylla og utrusta alle truande, overtyda folk flest om at dei har bruk for Jesus og ta bustad i alle som tek imot evangeliet.

For det andre: Etter første pinsedagen er Guds kraft blitt tilgjengeleg for alle som trur på Jesus. Skal me tena Gud i vår eige kraft, blir resultata små og skrøpelege. Men let me oss fylla av Den Heilage Ande, som Paulus formanar oss til, då strøymer liv og kraft ut frå oss til ei verd som så desperat treng Gud. Når me let oss fylla av Anden, begynnar me å leva overnaturlege liv, og når folk møter oss, møter dei Gud, han som har skapt dei og som elskar dei. Han kjem nær til dei gjennom oss.  Slik fungerer Den Heilage Ande. Dette er pinsekrafta, og når me har Den Heilage Ande med oss, når han pregar liva våre og får det til å renna over av kjærleik og kraft, blir det veldig mykje lettare for folk me møter å ta imot Jesus og bli kristne. For det er berre Den Heilage Ande som kan kristna folk. Men det store for oss er at han gjer det gjennom oss, me er blitt hans medarbeidarar, og det er verdas største privilegium

1)     Gode Far! Reis opp kyrkja di i Noreg, og utrust henne til å forkynna ditt ord og demonstrera di kraft for alle som bur i dette landet, slik at alle nordmenn kan venda om til deg og bli ekte kristne.
Ver nær alle som vert forfølgde fordi dei trur på Jesus. Gje dei stor styrke. Me ber om fred og rettferd i Ukraina, Jemen, Sudan, Myanmar og andre plassar der hatet og krigen rår.
Me ber om liv og livsrett for alle ufødde barn.
Me ber om klokskap og rettsinn for kongen, regjeringa, for stortingsrepresentantane og for alle dommarane i landet vårt.
Må dette landet bli styrt etter dine rettferdslover   

Me ber om at Bibelen skal bli omsett til alle verdas språk, og at evangeliet om Jesus skal nå ut til alle menneske.

Me ber om at Jesus snart skal koma tilbake for å dømma levande og døde, og frelsa alle dei som trur. Amen!


mandag 16. juli 2012

Salme 27,1-3

Denne salme deler me inn i 4 deler: vers 1-3, 4-6, 7-10 og 11-14
           
 1 Herren er mitt lys og mi frelse,
          kven skulle eg ottast?
           Herren er eit vern for mitt liv,
          kven skulle eg frykta?
         
   
 2 Når valdsmenn og fiendar nærmar seg for å sluka meg,
          då snublar og fell dei sjølve.
         
   
 3 Om ein hær vil slå leir mot meg,
          er mitt hjarte utan frykt.
          Om krigen trugar, endå er eg trygg.
             
 
v.1: David har sitt lys og si frelse  i Gud. Lys står for sanning, glede og von. Frelse handlar om tilgjeving, lækjedom og evig liv. Alt dette har den truande i Gud, ikkje i seg sjølv. Jesus seier om seg sjølv at han er verdas lys. Og Johannes skriv: Den som har Sonen, har livet. 

Vår frelse, framtid og von ligg i Jesus, ikkje i oss sjølve. Ofte leitar me i oss sjølv for å finna ut om me er sanne kristne, men me finn ingenting der som skulle tilseia det, smitta som me er av synd og vonde ting. Nei, me må løfta blikket og sjå på Jesus, rosa oss av Han og sanna med David: "Herren er mitt lys og mi frelse". Alt det eg manglar i meg sjølv, har eg i han som er gjeve meg som ei gåve frå himmelen.

Kven skal eg frykta? Dette er eit retorisk spørsmål der svaret er gjeve: INGEN. Det betyr ikkje at du ikkje er redd for både det eine og det andre, men har du Jesus har du ingen grunn til å vera redd korkje for  korkje folk eller fe, sjukdom eller død. Berre dette eine: å koma bort frå han som vil vera alt for deg. 
 
Så seier han: "Herren er eit vern for mitt liv!" I andre omsettingar lyder det gjerne: "Herren er mitt livs styrke" (King James) eller  "Herren er mitt livs kraft" (Luther). 

Me ber gjerne Gud og kraft til å leva som kristne og kraft til å gjera Guds gjerningar osv. I dag heiter deg gjerne salving. Ikkje noko gale i det. Men svaret på denne bøna er Herren sjølv. Den dagen me sannar at HERREN ER MI KRAFT, skjer det ei endring i liva våre. Me kviler med heile vår teneste i Gud, og det blir ei merkbar endring i effekten av det me gjer, for me begynnar å operera i tru på HAN SOM ER SALVA, ei tru som løyser ut mirakler på jorda, for han som bur i oss er større enn han som bur i verda.

v.2: David var stadig utsett for illgjerningsmenn. Som hærførar og konge var han i ein utsett posisjon. Ser me på kyrkja sin situasjon i verda, er bilete veldig likt. Kristne over alt er utsette for forfølging, diskriminering og overgrep av ymse slag. I våre dagar er det Guds familie i dei sentrale områda i Nigeria som blør mest. Men dei som går til åtak på Guds barn, undergrev sine eigne liv. Dei strir mot Jesus Kristus, og til slutt ramlar dei i si eiga grav om dei ikkje vender om og søkjer fred med Han. Hovudpoenget i dette er: Når vanskane tårnar seg opp for eit truande menneske, er Herren med i nauda, og det som ser ut som eit nederlag, blir garantert ein stor siger. 

v.3: David er verkeleg på offensiven her. Han har fått blikket festa på Herren, og motet hans er stort i han. No kan det koma kva det skal vera, ja, heile hærar. Det spelar ingen rolle. Herren er hans trumfkort som slår ut alle andre kort kor mange og gode dei enn er. Det er godt for oss når me kan surfa på slike openberringar. Må me berre ta vare på dei og dyrka dei så godt som me kan, for det kjem dagar då me ikkje ser så klårt som David ser her, dagar då me blir redde og må ropar og klagar til Gud om både det eine og det andre. Kristenlivet er sanneleg pendelprega. Men ta vare på dei gode dagane då alt er lyst og klårt og pris Herren alltid, også når gråveret og uveret set inn.


lørdag 30. juni 2012

Salme 23,1-2

Denne salma er for mange den kjæraste i Bibelen. Ho er enormt innhaldsmetta.

v.1: At Herren er gjetar betyr at han er konge. Ein konge skal både bestemma og representera. Jesus sa om seg sjølv: Eg er den gode gjetaren (Johannes 10). Det betyr: Eg er Herren, eg er Kongen, eg bestemmer, eg representerer. Som representant levde og døydde han for oss, og etter oppstoda fekk han all makt i himmel og på jord, før han sette seg ved Fars høgre hand i himmelen. Frå denne oppøgde posisjonen styrer han no historia fram mot endeleg dom og frelse.

"Eg manglar ingenting" sannar David. Herren er god. Han har ein enorm omsorg og fyller behova våre. Han møter oss ikkje i alle våre lyster, men gjev oss alltid mykje meir enn me har vit til å be om. Han ser kva me treng, og det er viktig for han å hjelpa oss med det.

v.2: Han let oss liggja i grøne enger, og fører oss til vatn der me finn kvile. "Grøne enger" betyr for MAT for sauen. Gud leider deg til kjærlege fellesskap der du får mat for ditt åndelege liv, der ordet vert forkynt levande og rett, og der sakramenta vert forvalta etter Guds ordning.

Han fører deg også inn i sterk vitneteneste som mettar deg. "Min mat er å gjera hans vilje som har sendt meg," sa Jesus i Johannes 4.

Vatnet er ein bilete på Den heilage ande. I den tyske lutherbibelen står det at "han fører meg til friskt vatn". Det som kjem frå Gud er alltid nytt og friskt, og det gjer oss sunne. Du får ikkje brakkvatn hos Gud, men sprudlande sunt fjellvatn. Og Jesus ropte ut: "Den som er tørst, lat han koma til meg å drikka!" Det er Jesus som gjev oss og fyller oss med Anden. Skal me ha overflod av Guds kjærleik og kraft i liva våre, må me gå til Jesus og ta til oss av han og hans gåver. Han er fjellet som vatnet kjem frå.

Den heilage ande sløkkjer tørsten din fordi han openberrar Fars hjarta for deg slik at du føler deg elska, akseptert og omslutta av Guds godleik og nåde. Når du veit at du er elska og tilgjeven av Gud, då kviler sjela di og du blir så inderleg tilfreds.  Han fyller deg også med kraft og fører deg inn i ein interessant teneste for Jesus som fyller livet ditt med meining og innhald.

"Me har alle fått ein Ande å drikka," skriv Paulus i 1.Korintarbrev 12. Anden må drikkast om me skal fyllast, dvs. Me må ta oss bryet med å tilbe Gud, lesa Guds ord, vera saman med andre åndsfylte, be, vitna og gjera det gode. Det ligg kvile i å tena Jesus. "Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg eg er mild og audmjuk av hjarta, så skal de finna kvile for sjelene dykkar."