Viser innlegg med etiketten Guds ord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Guds ord. Vis alle innlegg

mandag 22. mai 2023

Salme119,89-91

 89 ל I all æve, Herre,

          står ditt ord fast i himmelen.
          
   
 90 Din truskap varer frå slekt til slekt,
          du har grunnfest jorda, og ho står ved lag.
          
   
 91 Etter dine lover står dei til denne dag,
          for alle ting må tena deg.

v.89. Guds ord står for evig fast i himmelen, las me her. Det er verkeleg godt at noko står fas i ei tid då ting endrar seg veldig fort på dei fleste områder. Og det går an å bli svimmel av alt som skjer. Då er det godt at Gud og hans ord ikkje endrar seg. Han står fast, hans ord står fast og dei som står fast på Guds ord, står stødig midt i alle endringar.  "Om himmel og jord forgår, så skal aldri mine ord forgå," seier Jesus i Bergpreika. Ikkje den minste prikk ein gong skal tapa sin gyldighet, seier han ein annan plass. 

Kva er det å stå fast på Guds ord? Det er å tru på Jesus og lyda hans befalingar. Tru og lydnad er to ord som går hand i hand i Bibelen. Og samanhengen er enkel: Trua på Jesus syner seg hos oss på den måten at me lyder hans befalingar, ja, ikkje berre det at me lyder dei, me elskar dei. "Dei som elskar meg, elskar boda mine," Joh. 15. 

v.90. Bibelen er full av gode løfter til dei som stolar på Jesus og følgjer han. Dei opplever at Guds truskap rekker til skyene, dvs. så høgt at dei ikkje treng engsta seg for at dei ein dag ikkje skal gjelda. Det er løfter om tilgjeving, vern, lækjedom, hjelp, utrustning, leiing i stort og smått forutan om Guds gode nærvær og rause omsorg. Alt dette varer frå slekt til slekt, heilt til misjonsoppdraget er fullført, og Jesus kjem attende. Det er godt å minna kvarandre på dette i vår tid at det er Jesus som bestemmer historiens gang, og avslutninga kjem ikkje før evangeliet er blitt gjort kjent for alle folkeslag. Misjonen er Guds klokke, og så lenge Jesus ikkje set punktum, står alt ved lag, som det står i v.91, og alle menneske gjer lurt i å overgje liva sine til han og tena han som er tildelt all makt i himmel og på jord, og som ein dag skal døma kvart einaste menneske. 

fredag 10. februar 2023

Salme 119,47-48

  47 Eg frydar meg over dine bod,

          dei som eg elskar.
          
   
 48 Eg lyfter hendene mot boda dine, som eg elskar,
          og grundar på dine forskrifter.

Korleis kan ein mann fryda seg over Guds bod? Korleis kan ein mann elska Guds lover? Det er lett å svara på. Når du elskar Gud, vil du naturlegvis elska lovene hans, for lovene hans reflekterer hans innerste vesen, og det er jo Guds vesen du har lært å elska, ikkje sant? Jesus seier i Johannes 15,10: " Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik." 

I dag er det mange som seier at dei elskar Gud, men kjenner seg fri til å sjå bort frå lovene hans, særleg i samlivsspørsmål. Dei seier gjerne at Gud er kjærleik, og at han av den grunn velsignar alle typar kjærleik, då i meininga seksuelle uttrykksformer mellom vaksne baserte på samtykke og truskap. Men dette er ei av dei store løgnene i kyrkja i dag, løgner som forfører menneska bort frå Gud og inn i eit evig mørke under Guds dom, og Jesus er overlag streng i domen over dei som seier at det Gud forbyr er tillateleg. Det var betre for dei om dei aldri hadde blitt fødde. 

Alle som har Den heilage ande, elskar Gud og hans lover, ja dei frydar seg over dei fordi lovene hans er gode, dei skisserer for oss korleis eit liv i kjærleik ser ut, dei vernar oss mot djevelens øydeleggande gjerningar, og hjelper oss ut av ein snevert, nytingssjukt og sjølvoppteke liv. Dei løftar oss opp slik at me ser våre medmenneske med djup sympati, og gjev oss eit djupt ønskje om å bety noko for dei. 

Når salmisten skriv at han lyfter hendene mot Herrens bod, er det Herren sjølv han rekker dei mot. For Herren er i sitt ord, og han er eitt med sitt ord, ja, i den grad av Jesus i Johannes 1 blir kalla Guds ord. 

Til slutt. Les Bibelen, lær nokre bibelvers utanåt, siter dei for deg sjølv i ny og ne. Då er du blitt ein grundar, og grundarar blir sterke i Gud. Dei ber mykje frukt som andre kan næra seg av les me i Salme 1. 

tirsdag 20. desember 2022

Salme 119,12-14

 Velsigna er du, Herre!

          Lær meg dine forskrifter!
          
   
 13 Leppene mine reknar opp
          alle lovene frå din munn.
          
   
 14 Dine lovbod viser meg veg,
          dei gjev like stor glede som all rikdom.

Vers 12 er ei lovprising og ei bøn. 
At Herren er velsigna seier noko om hans guddommelege kvalitet. På tysk har dei oversett denne linja med "Lova vere Herren!" Det er sikkert like bra. Me lovar og prisar Herren fordi han er Gud og har denne kvaliteten som er så viktig for oss, og som me set så enormt stor pris på. Eit menneske som kjem i kontakt med det guddommelege vil ikkje ha noko anna når han/ho har smakt denne himmelske kjærleiken og reinleiken. 
Salmisten ber så om at Herren må læra han forskriftene sine. Ikkje det at salmisten ikkje kunne sitera lovboda, men det er ikkje det det handlar om. Her er det snakk om å forstå Guds ord med hjarta, setja pris på det, anerkjenna det og ha eit eigarforhold til det, som me seier i våre dagar. For å seia det slik: Også ein tjuv kan nok også lett kunna sitera "du skal ikkje stela", men han har ikkje noko eigarforhold til bodet. 

v.13. høyrest litt tamt ut på norsk. Både King James på engelsk og Lutherbibelen på tysk legg vekt på at salmisten forkynner Herrens forskrifter. På norsk får eg nærast ei kjensle av at han siterer dei for seg sjølv. Men på dei to andre språka er det snakk om offentleg forkynning. 

For Guds bod er ikkje berre til privat bruk, dei uttrykkjer Guds vilje og plan for alle menneske, og difor må dei som har fått boda og Guds ord  openberra for seg, offentleg forkynna dei rett og slett fordi dei gjeld for alle, og alle skal ein dag dømast etter desse lovene. Så mange kristne er tause, fleirtalet faktisk, og frårøvar sine medmenneske sjansen til å søkja frelse.  

v.14. Guds skrivne ord er ein enorm rikdom for den som kjenner Gud. Det å få lytta til Gud, og vita at det er han som talar, gjev ei enorm glede til alle som elskar han.

Men det er ei anna side ved dette også: Guds gode lover opp byggjer økonomien til folk og nasjonar der dei vert respekterte og etterlevde. I eit samfunn der folk er gudfryktige, ærlege, trufaste, edruelege, flittige, forsonlege og milde  blir godt å leva i for alle. Berre det at ektepar held saman, sparer samfunnet for store summar. Og er folk edruelege, blir det langt færre skadeverk og kriminalitet som må dekkast inn med offentlege midlar. Då kan skattetrykket også lettast monaleg, og det blir glede i alle leirar. 

lørdag 21. mars 2020

Salme 81:14-17

Me rosar oss av å vera Guds folk i den forstand at me er døypte menneske som trur på Jesus. Men høyrer me på Gud i den forstand at me går på hans vegar? Å gå på Herrens vegar er tre ting: det er å tru på Jesus som Herre og frelsar, det er å følgja Guds lover slik dei er gjevne oss i Bibelen og det er konkret å gå der Jesus går. Og til det siste: Kor går Jesus? Det finn me best ut ved å spørja kor han gjekk under sitt jordeliv. Og svaret er: Hans veg gjekk til dei fortapte og forkomne, primært til mellom jødane, men ikkje berre dei. Me les også om ein romersk offiser, ei kanaaneisk kvinne, ein samaritan og ein ille plaga ideumeisk mann. Han oppsøkte dei falne, sjuke og demoniserte, frelste dei, lækte dei og sette dei fri frå vonde ånder som hadde plaga dei ofte frå barnsbein av. Herrens vegar går til menneske som dette. Kva betyr det for deg som les dette i dag? 

vers 15. Å følgja Jesus der han går vekker alltid motstand hos fienden. Han reiser seg mot oss, skaper ein masse trøbbel og legg hindringar i vegen. Men når me går med Jesus, går me trygt. For han er den rette mann, skriv Luther, han underkuar motstandarane våre og rettar handa ut mot fienden, den handa som skapte himmel og jord, den handa Herren retta ut mot farao i Egypt, den handa som kom over Elia så han fekk kraft til å bevega seg som eit snøggtog i terrenget. Ja, ta deg eit studium over emnet Herrens hand, så får du deg nokre gode timar med Ordet. Det kan kjennast utrygt å gå med Jesus, men det er det tryggaste eit menneska kan gjera. 

Vers 16. Jesus vart hata. Tenk at det var nokon som hata Jesus. Men det var det, og det er alltid nokon som gjer det. Ein dag må dei krypa for han, dei må bøya seg for han og sanna til Gud vår Fars ære at det er Jesus Kristus som er Herre, det er han som har fått det namnet som er over alle andre namn, det som på hebraisk vert skrive JHVH. Og dersom fiendane hans ikkje vender om og blir hans vener, vil ulukketida deira aldri ta slutt, og det er eit uttrykk som passar godt på den evige fortapinga. 

Vers 17 er herleg. Gud let oss eta den beste kveiten. Kva er det? Jesus sa om seg sjølv: "Eg er livsens brød". Dagleg får me næra oss av hans kjærleik og fellesskap, og det gjer oss enormt sunne, friske og sterke. Og så var det dette med honningen frå fjellet då. Det er Guds ord, det. Fjellet er Kristus, og det er han som er Guds ord, og det er han som talar dei orda som frelser og gjenføder oss, dei orda som er nyttige til lærdom og som fostrar oss til å blir rettferdige menneske, heilstøypte personar som andre kan stola på og lena seg til. Og Jesu ord er velsmakande som berre det, når me får smaken på dei. Både profeten Esekiel og apostelen Johannes fekk ein bokrull som dei skulle eta, bokrullar fulle av profetiske ord frå Gud, og begge skriv at bokrullane smaka søtt i munnen deira. Guds ord er ikkje berre næringsrik kost for oss, det smakar søtt også, det er ei fryd å lesa det og smaska det i seg. 
   
 1

lørdag 30. juni 2012

Salme 23,1-2

Denne salma er for mange den kjæraste i Bibelen. Ho er enormt innhaldsmetta.

v.1: At Herren er gjetar betyr at han er konge. Ein konge skal både bestemma og representera. Jesus sa om seg sjølv: Eg er den gode gjetaren (Johannes 10). Det betyr: Eg er Herren, eg er Kongen, eg bestemmer, eg representerer. Som representant levde og døydde han for oss, og etter oppstoda fekk han all makt i himmel og på jord, før han sette seg ved Fars høgre hand i himmelen. Frå denne oppøgde posisjonen styrer han no historia fram mot endeleg dom og frelse.

"Eg manglar ingenting" sannar David. Herren er god. Han har ein enorm omsorg og fyller behova våre. Han møter oss ikkje i alle våre lyster, men gjev oss alltid mykje meir enn me har vit til å be om. Han ser kva me treng, og det er viktig for han å hjelpa oss med det.

v.2: Han let oss liggja i grøne enger, og fører oss til vatn der me finn kvile. "Grøne enger" betyr for MAT for sauen. Gud leider deg til kjærlege fellesskap der du får mat for ditt åndelege liv, der ordet vert forkynt levande og rett, og der sakramenta vert forvalta etter Guds ordning.

Han fører deg også inn i sterk vitneteneste som mettar deg. "Min mat er å gjera hans vilje som har sendt meg," sa Jesus i Johannes 4.

Vatnet er ein bilete på Den heilage ande. I den tyske lutherbibelen står det at "han fører meg til friskt vatn". Det som kjem frå Gud er alltid nytt og friskt, og det gjer oss sunne. Du får ikkje brakkvatn hos Gud, men sprudlande sunt fjellvatn. Og Jesus ropte ut: "Den som er tørst, lat han koma til meg å drikka!" Det er Jesus som gjev oss og fyller oss med Anden. Skal me ha overflod av Guds kjærleik og kraft i liva våre, må me gå til Jesus og ta til oss av han og hans gåver. Han er fjellet som vatnet kjem frå.

Den heilage ande sløkkjer tørsten din fordi han openberrar Fars hjarta for deg slik at du føler deg elska, akseptert og omslutta av Guds godleik og nåde. Når du veit at du er elska og tilgjeven av Gud, då kviler sjela di og du blir så inderleg tilfreds.  Han fyller deg også med kraft og fører deg inn i ein interessant teneste for Jesus som fyller livet ditt med meining og innhald.

"Me har alle fått ein Ande å drikka," skriv Paulus i 1.Korintarbrev 12. Anden må drikkast om me skal fyllast, dvs. Me må ta oss bryet med å tilbe Gud, lesa Guds ord, vera saman med andre åndsfylte, be, vitna og gjera det gode. Det ligg kvile i å tena Jesus. "Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg eg er mild og audmjuk av hjarta, så skal de finna kvile for sjelene dykkar."