lørdag 21. mars 2020

Salme 81:14-17

Me rosar oss av å vera Guds folk i den forstand at me er døypte menneske som trur på Jesus. Men høyrer me på Gud i den forstand at me går på hans vegar? Å gå på Herrens vegar er tre ting: det er å tru på Jesus som Herre og frelsar, det er å følgja Guds lover slik dei er gjevne oss i Bibelen og det er konkret å gå der Jesus går. Og til det siste: Kor går Jesus? Det finn me best ut ved å spørja kor han gjekk under sitt jordeliv. Og svaret er: Hans veg gjekk til dei fortapte og forkomne, primært til mellom jødane, men ikkje berre dei. Me les også om ein romersk offiser, ei kanaaneisk kvinne, ein samaritan og ein ille plaga ideumeisk mann. Han oppsøkte dei falne, sjuke og demoniserte, frelste dei, lækte dei og sette dei fri frå vonde ånder som hadde plaga dei ofte frå barnsbein av. Herrens vegar går til menneske som dette. Kva betyr det for deg som les dette i dag? 

vers 15. Å følgja Jesus der han går vekker alltid motstand hos fienden. Han reiser seg mot oss, skaper ein masse trøbbel og legg hindringar i vegen. Men når me går med Jesus, går me trygt. For han er den rette mann, skriv Luther, han underkuar motstandarane våre og rettar handa ut mot fienden, den handa som skapte himmel og jord, den handa Herren retta ut mot farao i Egypt, den handa som kom over Elia så han fekk kraft til å bevega seg som eit snøggtog i terrenget. Ja, ta deg eit studium over emnet Herrens hand, så får du deg nokre gode timar med Ordet. Det kan kjennast utrygt å gå med Jesus, men det er det tryggaste eit menneska kan gjera. 

Vers 16. Jesus vart hata. Tenk at det var nokon som hata Jesus. Men det var det, og det er alltid nokon som gjer det. Ein dag må dei krypa for han, dei må bøya seg for han og sanna til Gud vår Fars ære at det er Jesus Kristus som er Herre, det er han som har fått det namnet som er over alle andre namn, det som på hebraisk vert skrive JHVH. Og dersom fiendane hans ikkje vender om og blir hans vener, vil ulukketida deira aldri ta slutt, og det er eit uttrykk som passar godt på den evige fortapinga. 

Vers 17 er herleg. Gud let oss eta den beste kveiten. Kva er det? Jesus sa om seg sjølv: "Eg er livsens brød". Dagleg får me næra oss av hans kjærleik og fellesskap, og det gjer oss enormt sunne, friske og sterke. Og så var det dette med honningen frå fjellet då. Det er Guds ord, det. Fjellet er Kristus, og det er han som er Guds ord, og det er han som talar dei orda som frelser og gjenføder oss, dei orda som er nyttige til lærdom og som fostrar oss til å blir rettferdige menneske, heilstøypte personar som andre kan stola på og lena seg til. Og Jesu ord er velsmakande som berre det, når me får smaken på dei. Både profeten Esekiel og apostelen Johannes fekk ein bokrull som dei skulle eta, bokrullar fulle av profetiske ord frå Gud, og begge skriv at bokrullane smaka søtt i munnen deira. Guds ord er ikkje berre næringsrik kost for oss, det smakar søtt også, det er ei fryd å lesa det og smaska det i seg. 
   
 1

Ingen kommentarer: