torsdag 19. mars 2020

Salme 81:9-13

Mange plassar i Bibelen formanar Gud oss til å høyra på seg. Det betyr at me faktisk høyrer etter når han snakkar, at me legg oss ordet hans på minne og at me innretter oss etter det han seier. Då går det oss vel. 

Då Jesus sende brev til dei sju kyrkjelydane i vesle-Asia, avslutta han gjerne breva med: "den som har øyre, han høyre kva Anden seier til kyrkjelyden!"

Kva seier han? At me ikkje må tilbe andre gudar enn han. Grunnen er innlysande: Det eksisterer jo ingen andre gudar enn Bibelens Gud, berre avgudar, og dei er heilt tome. 

Mange kristne treng å reinsa liva for avgudar. Det kan vera eit menneske som har fått urettvis plass i livet ditt, eller at du er blitt havesjuk og gniten, eller kva det no enn er som opptek deg og er blitt viktigare for deg enn Jesus og hans rike. Nokre må reint fysisk faktisk reinsa huset sitt for buddhafigurar. Det har eg også sett. 

Me treng ikkje høyra på alle som snakkar, rett og slett fordi dei ikkje har autoritet inn i liva våre. Men Gud har det, og difor må me lytta intenst for å få med oss både påboda, forboda og løftene hans. Gud er vår Gud så lenge me anerkjenner alle boda og løftene hans som gyldige for oss. Korleis kan me halda det første bodet? Ved å halda dei ni andre. 
          
Tenk kor stort det er at den allmektige Gud vil vera VÅR Gud. Det er langt meir enn me fortener og kunne ha forventningar om, og det botnar utelukkande i at han elskar oss. Og den kjærleiken er heilt uforanderleg, og godt er det. 

Å få Gud til Gud er det største privilegiet eit menneske kan ha. Det er berre heilt enormt. Hallo! Kven er det me snakkar om? Han som skapte himmel og jord! Han som fant opp blodomlaupet, han som klekka ut Krebs syklus i kroppen din der adenosintrifosfat hentar ut energi frå glukose medan det blir omdanna til adenosindiforsfat for så å bli omdanna til andenosintrifosfat att med hjelp av litt av den energien som vart forløyst,  for så å ta ut ny energi, noko som skjer 20 gongar i sekundet i kvar einaste av dei mange tusen millionar cellene du har i kroppen din, noko som berre er ein mikrskopisk del av alle dei ufattelege og ikkje-kopierbare biokjemiske prosessane som utgjer livet ditt. 

Det er HAN som er Herren din Gud. For ei enorm ære. Han definerer seg som DIN Gud, noko som ikkje kan bety anna enn at han definerer deg som SITT barn, noko som er heilt sant fordi han har skapt deg på denne forunderlege kompliserte måten, kjøpt deg med sitt liv og blod og fordi du er døypt til hans namn og fordi du trur på han og fordi han faktisk seier at slik er det. 

Så ber han deg om å lukka opp munnen din, så vil han fylla han. Korleis skal me forstå ei slik underleg befaling? Begynn å prisa han, så gjev han deg ord å lovprisa han med. Begynn å vitna, så skal han gje deg ord som råkar folk rett i hjarta og skaper tru i dei. Paulus skriv i Romarbrevet 10: Med munnen sannar me til frelse. Lenge tenkte eg at dette handla om MI frelse. Men det gjer det jo ikkje. Den får eg ved tru. Nei, dette handlar om deira frelse som eg vitnar for. For, som han skriv i same kapitlet: Trua kjem av det ordet ein høyrer, og det ordet ein høyrer er Kristi ord. 

Vers 12 er vemodig. Israel ville ikkje høyra på Herren, dei ville følgja sine eigne planar. Dei forherda seg mot Gud. For ein tragedie. 
          Då Jesus kom til Jerusalem den siste påska, stansa han utanfor byen, såg på det prektige templet og gret. Han sa: "Byen skal omringast. Alt skal rivast ned og det skal ikke liggja att stein på stein. Kor ofte ville eg ikkje samla dykk, som ei høne samlar kyllingane under vengjene sine, men det ville ikkje!"

Israel forherda seg mot Jesus, og det gjekk som han sa. Men ein dag skal forherdinga ta slutt, og eg trur me er der no. Titusenvis av jødar i Israel og verda over tek no imot Jesus og kronar han til konge i sine eigne liv, og snart skal han også kronast av Israel som nasjon. Då går heile verda inn i ein ny historisk fase der millionar av menneske let seg frelsa og folkeslaga blir hausta inn i Guds rike med eit tempo som me aldri har sett før. Paulus skriv i Romarbrevet 11 at det blir til liv av døde for verda at Israel blir sameint med Jesus og kronar han som sin konge, sin Messias. 

Ingen kommentarer: