søndag 15. mars 2020

Salme 80:13-20

Israels land og folk hadde mista vernet sitt slik at dei var gjenstand for ran og store tap. 

Einkvar nasjon er avhengig av Guds vern for å overleva. Bevegar nasjonen seg i ein retning der ein i vesentleg grad distanserer seg frå Guds gode bod, taper nasjonen dette vernet, og der er nok Noreg i dag.  

Det som står i vers 13 gjeld altså ikkje berre økonomisk, men også åndeleg og kulturelt. Ja, det startar faktisk der.

Og så må me snakka om den kristne kyrkja, som jo ønskjer å vera eit uttrykk for Guds rike i verda. Men det kan ho berre vera så lenge ho trufast forkynner og praktiserer Guds ord, uansett omkostningar. Og det handlar om to ting: Ho må seia nei der Gud seier nei, og ja til det Bibelen framstiller som Guds vilje. Konfrontasjonen er skarpast på samlivssektoren. Her må kyrkja framheva ekteskapet mellom kvinne og mann som einaste legitime samlivsform, og åtvara mot alt anna som vert akseptert og promotert i storsamfunnet elles. Og så handlar det om å ikkje underslå viktige sanningar for folk. Profetane, apostlane og evangelistane i Bibelen forkynte omvending som vilkår for tilgjeving. Det må kyrkja sine tenarar i dag også gjera, elles fuskar dei i faget sitt og lurer folk til å leva i sine synder i staden for å snu ryggen til dei.  Og så må dei gjera det klårt for folk at løna som ein får for eit liv i synd, er evig død, mens løna for eit liv i omvending frå synd, er evig liv og glede hos Gud. 

Me ser tydeleg at kyrkja i vesten er utsett for "villsvin frå skogen og kryp på marka" som gneg på hennar moralske og åndelege kapital. Ho mistar autoritet og kraft, og verre er det at ho rett og slett mistar Gud. I tillegg til dette blir ho sveikka av indre strid og manglande einskap. Jesus seier til kristne leiarar i dag: "Kom i hug kor du ein gong stod, og vend om, elles kjem eg over deg og tek lysestaken frå deg." Lysestaken er kyrkjelyden, og me ser overalt i dag at kyrkjelydar blir lagt ned og leiarar vert borte. Dette er så visst ingen leik. 

Og me må be som Asaf her i vers 15-16: "Vend attende, Gud Sebaot, skoda ned frå himmelen og sjå!  Ta deg av denne vinstokken, det du har planta med di høgre hand, sonen som du sjølv har gjeve styrke!"  


Slik kan me be for kyrkja i det store og heile, men også for våre eigne lokale kyrkjelydar. Dei kan fort bli oppetne av villsvin og småkryp (les vonde åndsmakter) fordi me som leiarar ikkje var på vakt og passa på den sunne kulturen, den innbyrdes kjærleiken, den positive, støttande mentaliteten, den miskunnsame haldninga, fordi me fuska i bønelivet, fordi me ikkje tok oss møye med å disippelgjera dei unge, fordi me ikkje la vekt på å forkynna heile Guds råd, fordi me slutta å leva misjonalt. SÅ mange ting blir avgjort på leiarnivå i Guds rike.


Difor er det viktig at alle ber for leiarane sine slik me lærer her i vers 18. Dette verset handlar om Israels konge, han som sat ved Guds høgre hand, det menneske som Gud gav styrke. 


Her ser me ein leiars sanne posisjon: Han må leva i Guds umiddelbare nærleik for å få den styrken som han treng til leiarskapen sin. Ein kristen leiar er berre det så lenge han representerer Gud, forkynner det som Gud seier, gjer det han befalar og deler det som ligg han på hjarta. Han har ikkje mandat til å marknadsføra sine eigne ting. Då er han ein utru tenar som vil koma til å måtta bera ein tung dom. 


Få treng forbøn som kristne leiarar. Dei står så utsett til og tek av for alle dei stormane som djevelen sender mot forsamlingane. Så når du ber for leiaren din, slik som Asaf her i vers 18, så be Gud om å halda si hand over han, bevara han i sanninga, i sin nærleik, i sin kjærleik og gje han styrke. Det vil du ha stor glede av.  Då vil du sjølv bli bevart hos Gud, du vil aldri finna på å trekkja deg bort frå han, som det står her i vers 19. 


Stundom kan du synast at kyrkjelyden din er litt daud, be då som Asaf: "Vekk oss til liv att, så vil vi kalla på ditt namn!" Og be Gud om å føra kyrkja di attende til den gode plassen de ein gong var på då gudslivet og fellesskapet var sterkt, då Guds andlet lyste over dykk,  då Anden regjerte mellom dykk, då nådegåvene var i bruk, då gleda spruta, kjærleiken fløymde og folk vitna om Jesus så lett og uanstrengt at det var ei fryd, og nye kom til og erfarte Guds rikes veldige krefter i liva sine. 


I Guds rike er det alltid ein veg attende til det gode for alle som vender om. Når me ber Gud om å føra oss attende til det som var, slik som Asaf ber her i vers 20, ber me om hjelp til å venda om til Han og hans ord. Det er det me gjer. For det er hos han og i hans ord me finn frelse og fellesskap. 



Ingen kommentarer: