fredag 13. mars 2020

Salme 80:5-8

v. 5. Asaf spør her Gud kor lenge han skal svara på bønene til folket med rykande vreide. Folket bad og bad om frelse og hjelp, men ingenting positivt skjedde. Det gjekk heller feil veg. Kjenner du deg att i dette? Det er som om Gud er sint på deg og ikkje finn den aller minste grunn til å hjelpa deg, han overlet deg til deg sjølv, og du tenkjer: Det gjer han fordi eg har synda, og ikkje fortener noko anna enn straff. 
v.6. Du får tårebrød å eta og tårer å drikka. Å kor du lengtar etter Gud, hans venskap, hans godkjenning og hans nåde. Slik var situasjonen for Israel også då Asaf skreiv denne salma. Dei var under åtak frå alle sider, fiendane halte og drog i dei, og dei vart spotta og fornedra, hjelpelaust overletne til overmakta. Tårene rann, sorga var stor, men det gjorde tilsynelatande ikkje noko inntrykk på Gud. Og Asaf tolka det slik at det var Herren som berre let dei halda på med dette. Men kvifor var Gud så sint? Han skjøna det ikkje. 
Men han gav ikkje opp. Israel gav ikkje opp. På nytt strøymde bøn om frelse opp mot den Allmektige. "Lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!" Og igjen vil eg seia: Dette er ei utruleg god bøn å be for oss også. Det norske folk treng frelse. Kyrkja treng frelse. Så mange av dei som seier dei er kristne treng frelse. "Lat ditt andlet lysa over oss så vi blir frelste" er ikkje noko anna enn ei bøn om vekking og nytt åndeleg liv i nasjonen, i kyrkja og i det enkelte menneskehjarta. 
Når Gud vender seg mot oss og augo hans møter våre, då ser me med det: Han er ikkje sint. Han er full av nåde. Han ser på oss med eit venleg blikk, og me skjønar straks: Dei syndene som me trudde låg mellom oss og Gud, dei har Jesus fjerna då han døydde på krossen. Det er ikkje alltid like lett å forstå kvifor Gud let oss stå i smerte og vanskelege situasjonar over tid. Men det er ikkje fordi han er sint på oss, snarare fordi han elskar oss. I Hebrearbrevet 12 les me at Herren tuktar den han elskar, og hudflettar kvar son han tek seg av. 
Kjære ven! Guds ansikt lyser over deg. Snu deg mot han og løft blikket, så ser du det, og ser du det ikkje umiddelbart, så takk han for at det likevel er sant. Jesus har fjerna synda som låg mellom deg og Gud, og alt som skjer med deg no som smakar surt, skal hjelpa deg til å koma nærare han, for å ta vare på deg som kristen og fostra deg som disippel. Amen! 



        

Ingen kommentarer: