Viser innlegg med etiketten konge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konge. Vis alle innlegg

onsdag 22. september 2021

Salme 97,1-7

 Herren er konge!

          Jorda skal jubla,
          fjerne kystar skal gleda seg!
          
   
  2 Sky og mørker er omkring han,
          rettferd og rett er grunnvoll for hans trone.
          
   
  3 Eld går framfor han
          og brenner opp hans motstandarar på alle kantar.
          
   
  4 Hans lynglimt lyser opp verda,
          jorda ser det og skjelv.
          
   
  5 Fjella smeltar som voks for Herren,
          for han som er herre over all jorda.
          
   
  6 Himmelen forkynner hans rettferd,
          alle folka ser hans herlegdom.
          
   
  7 Alle som dyrkar gudebilete
          og skryter av avgudar,
          skal bli til skamme.
          Tilbe han, alle gudar!

v.1 At Herren er konge betyr ikkje at han er ein av mange kongar, men at han er sjølve kongen som står over alle andre kongar. Han er den øvste autoriteten, og han har kunngjort universell lov og rett gjennom Bibelen. 
Men han er ikkje ein konge som berre gjev lovar og reglar, han er ein konge som tek ansvar for sine undersåttar og frelser dei som vender om frå sine synder. Difor jublar jorda, og fjerne kystar frydar seg når dei forstår at det er ein veg ut av dommen.  Denne gleda er eit resultat av kyrkjas sin store og mangeårige misjonsinnsats. 
v.2. I dag er den allmektige Gud skjult for augo våre, men synleg gjennom Bibelen og alle Kristustruande menneske som lever rettferdig og som hevdar rettferdige standpunkt. I Bibelen og kyrkja finn me grunnvollen for Guds trone. For Gud styrer ikkje ut frå makt og kraft, men ut frå rettferdige prinisipp som han har openberra for oss gjennom sitt ord, og gjennom folk som lever ordet ut i praksis. 
v.3 peikar fram mot domen då Guds eld skal øydeleggja alle hans opponentar. Mange plassar i Bibelen er dette omtalt. 
v.4 handlar om kva som skjer når Jesus kjem attende. Det blir som lynet som går ut frå aust til vest, og alle kjem til å sjå det, og dei som har avvist hans kongedøme vil skjelva av redsle. Dei forstår at nådetida har runne ut for dei, og at den evige fortapinga er uavvendeleg. 
v.5 Handlar om mektige menneske med hjarta av stein. Dei smeltar som voks i møte med Herrens heilagedom. 

lørdag 30. juni 2012

Salme 23,1-2

Denne salma er for mange den kjæraste i Bibelen. Ho er enormt innhaldsmetta.

v.1: At Herren er gjetar betyr at han er konge. Ein konge skal både bestemma og representera. Jesus sa om seg sjølv: Eg er den gode gjetaren (Johannes 10). Det betyr: Eg er Herren, eg er Kongen, eg bestemmer, eg representerer. Som representant levde og døydde han for oss, og etter oppstoda fekk han all makt i himmel og på jord, før han sette seg ved Fars høgre hand i himmelen. Frå denne oppøgde posisjonen styrer han no historia fram mot endeleg dom og frelse.

"Eg manglar ingenting" sannar David. Herren er god. Han har ein enorm omsorg og fyller behova våre. Han møter oss ikkje i alle våre lyster, men gjev oss alltid mykje meir enn me har vit til å be om. Han ser kva me treng, og det er viktig for han å hjelpa oss med det.

v.2: Han let oss liggja i grøne enger, og fører oss til vatn der me finn kvile. "Grøne enger" betyr for MAT for sauen. Gud leider deg til kjærlege fellesskap der du får mat for ditt åndelege liv, der ordet vert forkynt levande og rett, og der sakramenta vert forvalta etter Guds ordning.

Han fører deg også inn i sterk vitneteneste som mettar deg. "Min mat er å gjera hans vilje som har sendt meg," sa Jesus i Johannes 4.

Vatnet er ein bilete på Den heilage ande. I den tyske lutherbibelen står det at "han fører meg til friskt vatn". Det som kjem frå Gud er alltid nytt og friskt, og det gjer oss sunne. Du får ikkje brakkvatn hos Gud, men sprudlande sunt fjellvatn. Og Jesus ropte ut: "Den som er tørst, lat han koma til meg å drikka!" Det er Jesus som gjev oss og fyller oss med Anden. Skal me ha overflod av Guds kjærleik og kraft i liva våre, må me gå til Jesus og ta til oss av han og hans gåver. Han er fjellet som vatnet kjem frå.

Den heilage ande sløkkjer tørsten din fordi han openberrar Fars hjarta for deg slik at du føler deg elska, akseptert og omslutta av Guds godleik og nåde. Når du veit at du er elska og tilgjeven av Gud, då kviler sjela di og du blir så inderleg tilfreds.  Han fyller deg også med kraft og fører deg inn i ein interessant teneste for Jesus som fyller livet ditt med meining og innhald.

"Me har alle fått ein Ande å drikka," skriv Paulus i 1.Korintarbrev 12. Anden må drikkast om me skal fyllast, dvs. Me må ta oss bryet med å tilbe Gud, lesa Guds ord, vera saman med andre åndsfylte, be, vitna og gjera det gode. Det ligg kvile i å tena Jesus. "Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg eg er mild og audmjuk av hjarta, så skal de finna kvile for sjelene dykkar."