Viser innlegg med etiketten Den heilage ande. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Den heilage ande. Vis alle innlegg

onsdag 23. august 2023

Salme 119,124-128

 Vis miskunn mot din tenar,

lær meg dine forskrifter!

125Eg er din tenar, gjev meg skjøn

så eg kan kjenna dine lovbod!

126Det er tid for å gripa inn, Herre,

for dei har brote di lov.

127Difor elskar eg dine bod

meir enn gull, ja, skinande gull.

128Difor retter eg meg etter alle dine påbod,

eg hatar alle falske vegar.


v.124-125 . Me kan ikkje forstå Bibelen utan Den Heilage Ande. Hans oppgåve er å opna Skriftene for oss slik at me ser Gud, hans planar og hensikter i det me les og høyrer. Når det skjer, er det eit uttrykk for Guds miskunn. Miskunn betyr at Gud hjelper den hjelpelause, og innfor Guds ord er me hjelpelause. Anden må koma oss til unnsetning. 

Alle kan læra Guds lovbod utanåt. Men å kjenna dei er å kjenna Guds hjarta i dei. Det har me snakka om mange gonger: Guds lovbod reflekterer Guds godleik. Anden syner oss det. På den måten speglar me oss sjølve i Guds lover, og då forstår me at dersom noko som helst av det me held på med ikkje er motivert ut frå kjærleik til Gud og våre medmenneske, ja, då har me ikkje oppfylt ei einaste lov, sjølv om me ikkje har brote nokon av dei på eit ytre nivå. Gud vurderer oss nemleg etter våre indre kvalitetar. Han granskar hjarta, les me i Salme 15,1. 

v.126 er ei bøn om at Gud må gripa inn og stoppa dei som bryt hans lov. Det er ei god bøn, for folk som bryt Guds lover, vanærar Gud, og øydelegg folk og  fellesskap. Ei slik bøn kan du godt be. 

v.127-128 er ei personleg vedkjenning. Fordi Guds lover er eit uttrykk for Guds kjærleik, og fordi dei byggjer opp folk og samfunn, elskar salmisten dei som det finaste gull, og han bedyrer at han sjølv ikkje vil ha nokon annan standard for livet sitt enn den som kjem til uttrykk gjennom Guds lover.

søndag 28. mai 2023

1.pinsedag 2023. Apostelgjerningane 2,1-4

Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad.  2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i.  3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.  4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.

Gode Gud og Far! Takk for ordet ditt som har kraft i seg til å frelsa, fornya, utrusta og lækja. Gjer det også i dag. Heilage Far, helga oss i sanninga. Ditt ord er sanning. 

I dag er det første pinsedag. Pinse handlar om mange ting. I dag vil eg fokusera på det som handlar om tilgjengelegheit.

For det første: Pinse betyr at Guds kjærleik og nåde er blitt tilgjengeleg for alle menneske i heile verda. 1.pinsedag, slik me les om denne i Apostelgjerningane 2, var startskotet for den kristne misjon. Døra inntil Gud hadde vore stengt for nasjonane, og berre på gløtt for israelittane. Men då Jesus døydde på krossen, rivna forhenget i tempelet som eit symbol på at døra inn til Gud vart slått på vidt gap for jødar og grekarar, kvinner og menn, rike og fattige, høge og låge, dei langt borte og dei som var nær. Men berre Den Heilage Ande kan overtyda menneska om at Jesus er Herre, og han kom på pinsedagen for å fylla og utrusta alle truande, overtyda folk flest om at dei har bruk for Jesus og ta bustad i alle som tek imot evangeliet.

For det andre: Etter første pinsedagen er Guds kraft blitt tilgjengeleg for alle som trur på Jesus. Skal me tena Gud i vår eige kraft, blir resultata små og skrøpelege. Men let me oss fylla av Den Heilage Ande, som Paulus formanar oss til, då strøymer liv og kraft ut frå oss til ei verd som så desperat treng Gud. Når me let oss fylla av Anden, begynnar me å leva overnaturlege liv, og når folk møter oss, møter dei Gud, han som har skapt dei og som elskar dei. Han kjem nær til dei gjennom oss.  Slik fungerer Den Heilage Ande. Dette er pinsekrafta, og når me har Den Heilage Ande med oss, når han pregar liva våre og får det til å renna over av kjærleik og kraft, blir det veldig mykje lettare for folk me møter å ta imot Jesus og bli kristne. For det er berre Den Heilage Ande som kan kristna folk. Men det store for oss er at han gjer det gjennom oss, me er blitt hans medarbeidarar, og det er verdas største privilegium

1)     Gode Far! Reis opp kyrkja di i Noreg, og utrust henne til å forkynna ditt ord og demonstrera di kraft for alle som bur i dette landet, slik at alle nordmenn kan venda om til deg og bli ekte kristne.
Ver nær alle som vert forfølgde fordi dei trur på Jesus. Gje dei stor styrke. Me ber om fred og rettferd i Ukraina, Jemen, Sudan, Myanmar og andre plassar der hatet og krigen rår.
Me ber om liv og livsrett for alle ufødde barn.
Me ber om klokskap og rettsinn for kongen, regjeringa, for stortingsrepresentantane og for alle dommarane i landet vårt.
Må dette landet bli styrt etter dine rettferdslover   

Me ber om at Bibelen skal bli omsett til alle verdas språk, og at evangeliet om Jesus skal nå ut til alle menneske.

Me ber om at Jesus snart skal koma tilbake for å dømma levande og døde, og frelsa alle dei som trur. Amen!


mandag 18. februar 2019

Salme 65, 5-14

v.5. Guds utvelging er suveren. Han vel ut kven han vil til å stå han nær. Ingen kan koma til Gud på eige initiativ eller i eiga kraft. Det er berre når Gud grip inn i liva våre og dreg oss til seg at me kan bli hans barn. Elles er vegen stengt for oss. Men dei som Gud dreg til seg, får nyta Guds godleik og det heilage i hans tempel. "Ingenting kan erstatta Guds nærvær i våre liv," seier  Kalley Heilingerthal. Kva er "det heilage" i Guds tempel? Det er Guds eige ord. Jesus seier i Matteus 4: "Menneske lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem ut av Guds munn!" Guds ord er vår mat, og den er god i alle meiningar av ordet, næringsrik og smakfull.

v.6. Gud svarar "i rettferd", dvs ut frå hans vilje til å hjelpa/frelsa dei som ber, og den viljen er uimotståeleg sterk. Og han svarar med "skremmande gjerningar", eller "veldige gjerningar" som det står i nokre oversettingar. Kva gjerningar er det? Det er Guds frelsesgjerningar, store under og teikn som me kan lesa om i GT, Jesu undergjerningar i NT, hans død og oppstode, Andens kome og alt han har gjort for oss heilt opp til vår tid då evangeliet om Jesus er blitt gjort kjent over heile verda.

v.7. Gud reiste fjella med sin styrke. Forfattaren visste godt at fjella ikkje er evige, slik som mange av hans samtidige må ha trudd. Dei er reist opp frå eit lågare nivå, slik også geologane i dag fortel oss. Det er Gud som har reist dei opp, eller sørga for dei prosessane (platetektoniske rørsler) som har pressa dei til vers.

v.8 Verset minner oss om Jesus som stilte stormen på Genesaretsjøen, samt det som hende då sjøfolka kasta Jona i havet. Men det brusande havet her er først og fremst folkehavet, det store fleirtalet som i sin store dårskap kollektivt reiser seg mot Gud, hans ord og hans folk, og lagar store stormar i Guds barns liv. Men Herren døyver dei slik at dei berre kan gjera avgrensa skade.

v.9 Dei som bur lengst borte (ved jordas ende) blir slegne av forundring over desse teikna, og dei lovar Gud og glkeder seg i han frå morgon til kveld.

v.10-14 handlar om Guds omsorg for bonden og jordbruket, truleg den viktigaste næringsgreina på jorda. Utan gode tilhøve i landbruket, blir det svolt og elende. Difor vitjar Herren jorda og vatnar henne slik at det spirer og gror og avlingane blir gode.

Men avsnittet kan også brukast om Guds rike der Jesus og hans disiplar er såmenn som sår sitt ord i menneska. Dei pløyer, sår, vatnar og gjødslar, og der jordsmonnet er godt, blir det god avling. Der jordsmonnet er ringt, mindre. Jesus pg Paulus illustrerer dette i fleire likningar.

I denne settinga er det godt å vita at Herren sjølv besøker jorda for å vatna henne og skapa gode vilkår for vekst og haust, og at "Guds bekk er full av vatn", eit bilete som fører tankane i retning av Den heilage ande.



lørdag 30. juni 2012

Salme 23,1-2

Denne salma er for mange den kjæraste i Bibelen. Ho er enormt innhaldsmetta.

v.1: At Herren er gjetar betyr at han er konge. Ein konge skal både bestemma og representera. Jesus sa om seg sjølv: Eg er den gode gjetaren (Johannes 10). Det betyr: Eg er Herren, eg er Kongen, eg bestemmer, eg representerer. Som representant levde og døydde han for oss, og etter oppstoda fekk han all makt i himmel og på jord, før han sette seg ved Fars høgre hand i himmelen. Frå denne oppøgde posisjonen styrer han no historia fram mot endeleg dom og frelse.

"Eg manglar ingenting" sannar David. Herren er god. Han har ein enorm omsorg og fyller behova våre. Han møter oss ikkje i alle våre lyster, men gjev oss alltid mykje meir enn me har vit til å be om. Han ser kva me treng, og det er viktig for han å hjelpa oss med det.

v.2: Han let oss liggja i grøne enger, og fører oss til vatn der me finn kvile. "Grøne enger" betyr for MAT for sauen. Gud leider deg til kjærlege fellesskap der du får mat for ditt åndelege liv, der ordet vert forkynt levande og rett, og der sakramenta vert forvalta etter Guds ordning.

Han fører deg også inn i sterk vitneteneste som mettar deg. "Min mat er å gjera hans vilje som har sendt meg," sa Jesus i Johannes 4.

Vatnet er ein bilete på Den heilage ande. I den tyske lutherbibelen står det at "han fører meg til friskt vatn". Det som kjem frå Gud er alltid nytt og friskt, og det gjer oss sunne. Du får ikkje brakkvatn hos Gud, men sprudlande sunt fjellvatn. Og Jesus ropte ut: "Den som er tørst, lat han koma til meg å drikka!" Det er Jesus som gjev oss og fyller oss med Anden. Skal me ha overflod av Guds kjærleik og kraft i liva våre, må me gå til Jesus og ta til oss av han og hans gåver. Han er fjellet som vatnet kjem frå.

Den heilage ande sløkkjer tørsten din fordi han openberrar Fars hjarta for deg slik at du føler deg elska, akseptert og omslutta av Guds godleik og nåde. Når du veit at du er elska og tilgjeven av Gud, då kviler sjela di og du blir så inderleg tilfreds.  Han fyller deg også med kraft og fører deg inn i ein interessant teneste for Jesus som fyller livet ditt med meining og innhald.

"Me har alle fått ein Ande å drikka," skriv Paulus i 1.Korintarbrev 12. Anden må drikkast om me skal fyllast, dvs. Me må ta oss bryet med å tilbe Gud, lesa Guds ord, vera saman med andre åndsfylte, be, vitna og gjera det gode. Det ligg kvile i å tena Jesus. "Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg eg er mild og audmjuk av hjarta, så skal de finna kvile for sjelene dykkar."