onsdag 23. august 2023

Salme 119,124-128

 Vis miskunn mot din tenar,

lær meg dine forskrifter!

125Eg er din tenar, gjev meg skjøn

så eg kan kjenna dine lovbod!

126Det er tid for å gripa inn, Herre,

for dei har brote di lov.

127Difor elskar eg dine bod

meir enn gull, ja, skinande gull.

128Difor retter eg meg etter alle dine påbod,

eg hatar alle falske vegar.


v.124-125 . Me kan ikkje forstå Bibelen utan Den Heilage Ande. Hans oppgåve er å opna Skriftene for oss slik at me ser Gud, hans planar og hensikter i det me les og høyrer. Når det skjer, er det eit uttrykk for Guds miskunn. Miskunn betyr at Gud hjelper den hjelpelause, og innfor Guds ord er me hjelpelause. Anden må koma oss til unnsetning. 

Alle kan læra Guds lovbod utanåt. Men å kjenna dei er å kjenna Guds hjarta i dei. Det har me snakka om mange gonger: Guds lovbod reflekterer Guds godleik. Anden syner oss det. På den måten speglar me oss sjølve i Guds lover, og då forstår me at dersom noko som helst av det me held på med ikkje er motivert ut frå kjærleik til Gud og våre medmenneske, ja, då har me ikkje oppfylt ei einaste lov, sjølv om me ikkje har brote nokon av dei på eit ytre nivå. Gud vurderer oss nemleg etter våre indre kvalitetar. Han granskar hjarta, les me i Salme 15,1. 

v.126 er ei bøn om at Gud må gripa inn og stoppa dei som bryt hans lov. Det er ei god bøn, for folk som bryt Guds lover, vanærar Gud, og øydelegg folk og  fellesskap. Ei slik bøn kan du godt be. 

v.127-128 er ei personleg vedkjenning. Fordi Guds lover er eit uttrykk for Guds kjærleik, og fordi dei byggjer opp folk og samfunn, elskar salmisten dei som det finaste gull, og han bedyrer at han sjølv ikkje vil ha nokon annan standard for livet sitt enn den som kjem til uttrykk gjennom Guds lover.

Ingen kommentarer: