fredag 25. august 2023

Salme 119,129-132

 Underfulle er dine lovbod,

          difor tek eg vare på dei.
          
   
 130 Dine ord gjev lys når dei opnar seg,
          dei gjev uvitande skjøn.
          
   
 131 Med lengsel opnar eg munnen,
          for eg stundar etter dine bod.
          
   
 132 Vend deg til meg og ver meg nådig!
          Det er rett mot dei som elskar namnet ditt.

v. 129 Guds påbod er underfulle fordi dei kjem frå Gud, og fordi dei har ein forunderleg positiv effekt på den enkelte og på samfunnet der dei får lov å gjelda. 
v.130. Skal me ha nytte av Guds lover må dei opna seg for oss. I Lukas les me om Jesus som opna Skriftene for dei to disiplane hans som var på veg til Emmaus. Skal me oppleva at Skriftene opnar seg for oss, må me be Jesus om hjelp. Han gjev oss rett forståing, dvs lys. For å forstå Bibelen treng me ikkje høg IQ, me treng Jesus som læremeister. 
I v.131 bed salmisten om Guds hjelp slik at han kan få eit eigarforhold til boda hans. Når det skjer, går dei inn i ryggmargen på oss, og samvitet blir innstilt etter Guds bod og ikkje etter kva menneske vil. 
v.132. Gud vender seg til den som vender seg til han. Det er ein fast regel. Jakob skriv: "Hald dykk nær til Gud, så held han seg nær til dykk!" Det er ein ufatteleg lovnad. Kva godt kan ikkje skje når Gud held seg nær til oss? Då bevegar me oss inn i det mirakuløse. 
"La nåde gå for rett," er eit uttrykk me brukar i enkelte situasjonar. Men det passar ikkje på Guds nåde. For den er grunnlagt på rett. Jesus gav Guds lov alt denne lova krev av oss menneske. Difor er det rett av Gud å benåda alle som trur på Jesus. Det er eit uttrykk for kjærleik, ja, men også eit uttrykk for rettferd.  Dersom du ber vers 132 jamt og trutt, vil gode ting garantert skje i livet ditt.

Ingen kommentarer: