mandag 11. september 2023

Salme 119,133-136

   133 Gjer mine steg faste slik du har sagt,

          lat ingen urett få makt over meg!
          
   
 134 Fri meg frå dei som bruker vald,
          så vil eg halda dine påbod!
          
   
 135 Lat ditt andlet lysa over din tenar,
          lær meg dine forskrifter!
          
   
 136 Tårene strøymer frå auga mine
          på grunn av dei som ikkje held di lov.

Vers 133 er ei sterk bøn som alle kan og bør be. Livet er ei vandring, og målet er himmelen, og skal me nå fram må me følgja Jesus resolutt, og ikkje tillata urett å få makt over oss. Dei fleste trur dei har makta i eige liv. Men det er ein illusjon skapt av djevelen. For anten har han makta over oss, eller så er det Gud som rår, og Gud rår gjennom sine lover. For makt og lov høyrer saman, og Guds lover er rettferdige, og dersom me følgjer dei, kan ingen urett få makt over oss. Korleis svarar Gud på denne bøna? Ved å gje oss sin Ande. For han forvandlar oss frå å vera Guds fiendar til å bli hans beste vener, og frå å vera eigenrådige til å overgje kontrollen og herredømmet til Jesus. 

I vera 134 ber han om å sleppa å bli utsett for vald. Det er fair. Ingen har noko uttalt ønskje om å få juling. Og han lovar å bli enno meir skjerpa kristen om Gud vernar han mot slikt. For det er jo slik at folk som vert utsette for vald, lett kan bli sinte, hemngjerrige og hatefulle, kjensler som er menneskelege, men som representerer ein åndeleg fare for oss om me let dei prega liva våre over lang tid.

Vers 135 er igjen ei av desse nydelege bønene me finn så mange i denne salma. Og eg er sikker på at når du og eg ber om at Guds åsyn skal lysa over oss, førestiller eg meg at me får ei overtyding om at Gud smiler godt til oss, og eg veit at me vil erfara at hans godhug og lyse sinn strøymer inn i sjelene våre. Det er til dei grader livgjevande og ei uuttømeleg kjelde til glede. Og når me lever i ein atmosfære av Guds kjærleik, lærer me lett hans forskrifter. For som eg har sagt så mange gongar: Guds lover reflekterer hans kjærleik. Dei må jo gjera det når Jesus seier at summen av dei er både å elska Gud over alt, og nesten vår som oss sjølve. 

Vers 136 heng saman med 135. Når me blir fylte av Guds kjærleik, blir me overvelda av sorg over alle som ikkje held Guds lover. Kvifor det? Fordi lovene er gode, og når dei blir brotne, er det nokre som vert skada. Og dei som bryt boda utan å skjemmast og angra, er jo utanfor samfunnet med Gud og på veg mot evig fortaping og død. Det burde få ein kvar kristen til å sørga. Dei er jo våre medmenneske og i den forstand våre søsken. Du har lov å sørga over dei fortapte. Men sørg konstruktivt. Lat sorga føra deg til handling slik at du deler evangeliet om Jesus med dei. Då kan livsens under skje. Kvar gong.


Ingen kommentarer: