fredag 29. september 2023

Salme 119, 137-140

 Du er rettferdig, Herre,

          dine lover er rette.
          
   
 138 Du gjev dine lovbod i rettferd
          og i din store truskap.
          
   
 139 Min brennande iver gjer ende på meg,
          for motstandarane mine har gløymt dine ord.
          
   
 140 Ditt ord er prøvd med eld,
          tenaren din elskar det.

Vers 137 er ein proklamasjon. At Herren er rettferdig og hans lover rette, betyr at det er Herren som definerer kva som er rett og rettferdig, og han kan ikkje overprøvast. 

V.138. Gud har gjeve lovene sine i sin store truskap. Dei er heilt og fullt tilpassa skaparverket. Universet er både fysisk og moralsk, og moralen i Guds lover er heilt og fullt i harmoni med det fysiske skaparverket. Det samsvarar heilt, noko som me tydeleg ser i Menneskerettsfråsegna, ånda og innhaldet i denne er i stor grad henta frå Guds openberring i Bibelen. Når denne fråsegna i artikkel 1 slår fast at alle menneske har same verdi, og at me er forplikta å handsama kvarandre som søsken, er dette ein direkte følgje av Bibelens bodskap om Gud som Far for alle, og om at kvinne, mann, fri eller træl, jøde eller greker, alle er skapt av Gud, elska med den same evige guddommelege kjærleiken

Og Gud endrar seg ikkje, hans program og prinsipp er dei same frå generasjon til generasjon, slik som naturlovene er stabile så og pålitelege at dei kan setjast opp med hjelp av matematiske likningar. Guds morallover er på same måten eit intellektuelt uttrykk for den moralske røyndomen slik han var også før lovene vart formulerte. Moralen kom ikkje med lovene, men faktisk omvendt. 

Gud er ikkje som muslimane sin Allah som kan overraska med å frigjera seg frå Koranen og bestemma nær sagt kva han vil. Vår Gud er ikkje sånn. Hans ord reflekterer hans evige vilje, og han har bunde seg til det som står i Bibelen. Han er Bibelens Gud, og Bibelen er Guds bok. 

v.139 skildrar det som hende med profetane, Johannes døyparen, Jesus, apostlane og tallaus engasjerte kristne i ettertid som t.d Savonarola i Italia og Johan Huss frå Bøhmen på 1400-talet, Haik Hovsepian frå Iran på 1990-talet, eller dei åtte for meg namnlause kristne som vart drepne i byen Du Village i delstaten Plateau i Nigeria for 14 dagar sidan. Dei vart gjort ende på fordi dei brann for Herren og hans ord, ord som vekte så stor irritasjon og harme hos motstandarane deira at det enda med drap. 

Også me i Noreg har vår martyrhistorie. Mannen som vekte Noreg både åndeleg og moralsk, Hans Nielsen Hauge, sat i fengsel frå 1804 til 1814 medan styresmaktene prøvde å samla inn og destruera alle skriftene hans. Dei prøvde så godt dei kunne å sløkka den elden han hadde tent. Det fungerte ei stund, men så tok det seg kraftig opp at utover 1800-talet, og mange av oss som lever som kristne i dag er det meir eller mindre pga Hans Nielsen Hauge sin brennande iver for Jesus, Guds rike og Guds ord. 

Slik som den rettferdige kjenner seg dregen mot det som er rettferdig, blir syndaren dregen mot synda, og han vil ha seg fråbedd at nokon påtalar det han held på med som synd og urett. Då blir han sint, og har han i tillegg makt, kan han, som me forstår, utøva stor skade. 

v.140. Guds ord har ein lang historie i verda, mange tusen år, og det har stått sin prøve. Det er blitt lutra og prøvd på alle tenkjelege og utenkjelege måtar, det er blitt forsøkt fjerna, det er blitt håna, nedvurdert, feiltolka, vridd på, problematisert, stilt spørsmål ved, trampa på, latterleggjort og fillerista. Men det står seg. Ikkje ein tøddel er blitt borte, og det kjem alltid attende til nye menneske med si livgjevande og skapande kraft. Og når det skjer, forstår folk at dette ordet er meir verd enn det reinaste gull, for det koplar dei til Gud, og formidlar håp, tru og evig liv. Det løftar samfunnet opp moralsk og økonomisk ved at det fjernar rus, vald og annan kriminalitet ut av folks liv. Det styrkjer og lækjer ekteskap, og det gjer heimane fredlege og varme, trygge og gode for barn å veksa opp i. Det visste forfatteren av Salme 119, og difor gler han seg så enormt over dette ordet frå Gud.  


Ingen kommentarer: