Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. 2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. 3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.
Gode Gud og Far! Takk for ordet ditt som har kraft i seg til å frelsa, fornya, utrusta og lækja. Gjer det også i dag. Heilage Far, helga oss i sanninga. Ditt ord er sanning.
I dag er det
første pinsedag. Pinse handlar om mange ting. I dag vil eg fokusera på det som handlar om tilgjengelegheit.
For det
første: Pinse betyr at Guds kjærleik og nåde er blitt tilgjengeleg for alle
menneske i heile verda. 1.pinsedag, slik me les om denne i Apostelgjerningane 2, var
startskotet for den kristne misjon. Døra inntil Gud hadde vore stengt for
nasjonane, og berre på gløtt for israelittane. Men då Jesus døydde på krossen, rivna
forhenget i tempelet som eit symbol på at døra inn til Gud vart slått på vidt gap
for jødar og grekarar, kvinner og menn, rike og fattige, høge og låge, dei
langt borte og dei som var nær. Men berre Den Heilage Ande kan overtyda menneska
om at Jesus er Herre, og han kom på pinsedagen for å fylla og utrusta alle
truande, overtyda folk flest om at dei har bruk for Jesus og ta bustad i alle
som tek imot evangeliet.
For det
andre: Etter første pinsedagen er Guds kraft blitt tilgjengeleg for alle som
trur på Jesus. Skal me tena Gud i vår eige kraft, blir resultata små og
skrøpelege. Men let me oss fylla av Den Heilage Ande, som Paulus formanar oss
til, då strøymer liv og kraft ut frå oss til ei verd som så desperat treng Gud.
Når me let oss fylla av Anden, begynnar me å leva overnaturlege liv, og når
folk møter oss, møter dei Gud, han som har skapt dei og som elskar dei. Han
kjem nær til dei gjennom oss. Slik fungerer
Den Heilage Ande. Dette er pinsekrafta, og når me har Den Heilage Ande med oss,
når han pregar liva våre og får det til å renna over av kjærleik og kraft, blir
det veldig mykje lettare for folk me møter å ta imot Jesus og bli kristne. For
det er berre Den Heilage Ande som kan kristna folk. Men det store for oss er at
han gjer det gjennom oss, me er blitt hans medarbeidarar, og det er verdas
største privilegium
1) Gode Far! Reis opp kyrkja di i Noreg,
og utrust henne til å forkynna ditt ord og demonstrera di kraft for alle som
bur i dette landet, slik at alle nordmenn kan venda om til deg og bli ekte kristne.
Ver nær alle som vert forfølgde fordi dei trur på Jesus. Gje dei stor styrke. Me
ber om fred og rettferd i Ukraina, Jemen, Sudan, Myanmar og andre plassar der
hatet og krigen rår.
Me ber om liv og livsrett for alle ufødde barn.
Me ber om klokskap og rettsinn for kongen, regjeringa, for stortingsrepresentantane
og for alle dommarane i landet vårt.
Må dette landet bli styrt etter dine rettferdslover
Me ber om at Bibelen skal bli omsett til alle verdas språk, og at
evangeliet om Jesus skal nå ut til alle menneske.
Me ber om at Jesus snart skal koma tilbake for å dømma levande og døde,
og frelsa alle dei som trur. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar