Kor mange dagar har din tenar att?
Når vil du fella dom over dei som jagar meg?85 Dei frekke grev fallgraver for meg
i strid med di lov.
86 Pålitelege er alle dine bod.
Hjelp meg! Dei jagar meg med løgn.
87 Dei har mest gjort ende på meg her på jorda,
men eg forlèt ikkje dine påbod.
88 Gjev meg liv i di miskunn,
så vil eg halda lovbodet frå din munn.
Vers 84 inneheld to spørsmål som salmisten ikkje vil få svar på. Først lurer han på kor lenge han har att her på jorda. Gud svarer vanlegvis ikkje på slikt. Og godt er det. Kvar dag har nok med si eiga plage, seier Jesus. Så lurer salmisten på når Gud vil dømma dei som er ute etter han. Til det ber nok Gud salmisten om å vera tolmodig og ta ein dag om gongen. Det finst ting som Gud fastset i sin visdom utan å opplysa eller konsultera oss. Vår oppgåve er å forkynna evangeliet, og held me på med det, har me meir enn nok å bala med.
v.85 er alle forfølgde kristnes erfaring, dei som er ute etter dei, er frekke og set opp feller for dei. I Kina vert alle menneske nøye overvaka, og særleg dei kristne. Styresmaktene har sett opp mange hundre millionar ansiktsgjenkjennande kamera i landet, og det kan få store konsekvensar for den som blir obeservert på feil plass til feil tid. Den som blir observert på veg inn i ein leilighet der styresmaktene veit at det blir halde kristne møter, kan mista jobben, bli nekta rett til medisinsk handsaming eller nekta plass til skule og utdanning. Slik driv styresmaktene på. Men dei driv på i strid med Guds lov, og ein dag er det dei som må stå til ansvar for at dei har frårøva kristne fridomen og levebrødet. Det blir ein dag med anger utan håp.
v.86. For Herrens lover er pålitelege, og det er berre hans lover som gjeld når alt skal gjerast opp. Då vil det syna seg for alle at menneskelover i opposisjon til Guds lover er reine løgnlover vedtekne av overmodige politikarar som trur Gud er støv, men det er det dei som er.
I møte med statens lover kan me menneske kjenna oss små, og framover no vil det nok bli vedteke lover som legg nye restriksjonar på kristne som vil leva etter Bibelen. Gradvis vil det bli vanskelegare å vera bibeltru kristen, og stadig oftare må me berre be Herren om hjelp, og han vil halda oss oppe både som enkeltmenneske og som kyrkje.
I vers 87 blir situasjonen enno meir tilspissa, og salmisten føler at motstandarane held på å gjera ende på han. Men trass i dette, kompromissar han ikkje på trua og overtydinga si, og han vik ikkje ein tomme når det gjeld det å hevda Guds rett. I denne samanhengen tenkjer eg på den nigerianske jenta Leah Sharibu som i desse dagar har vore 6 år i fangenskap hos terrorgruppa Boko Haram, og som ikkje får koma heim til foreldra fordi ho held fast på den kristne trua si og ikkje vil konvertera til islam. Ho blir utsett for grov seksualisert vald, og har fødd to barn i fangenskap.
Det er grunn til å markera her at det er ikkje så mange i vår kulturkrins som blir forfølgde fordi dei trur på Jesus, men me blir ganske uglesett og sjikanert om me løftar fram Guds ord i kjønnsdebatten, og dersom me hevdar hans lover for samliv er gyldige og gode for alle menneske gjennom alle tider. Då tek sosiale media fyr, og den som vågar seg på slikt, kan stå i fare for å bli oppsagt på jobben.
v.88. Guds lover er gode, og dei som følgjer dei får det godt. Men Gud har ikkje gjeve oss dei for at me gjennom dei skal få evig liv. Nei, evig liv får med utelukkande ved å tru på Jesus, han som kom med miskunn til falne og ganske håplause syndarar. Lova tuktar oss til Kristus, og når me overgjev oss til han, blir me straks tilgjevne og fylte med Den Heilage Ande. Det inspirerer oss til å følgja dei lovene som i utgangspunktet avslørte og dømde oss.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar