fredag 10. februar 2023

Salme 119,47-48

  47 Eg frydar meg over dine bod,

          dei som eg elskar.
          
   
 48 Eg lyfter hendene mot boda dine, som eg elskar,
          og grundar på dine forskrifter.

Korleis kan ein mann fryda seg over Guds bod? Korleis kan ein mann elska Guds lover? Det er lett å svara på. Når du elskar Gud, vil du naturlegvis elska lovene hans, for lovene hans reflekterer hans innerste vesen, og det er jo Guds vesen du har lært å elska, ikkje sant? Jesus seier i Johannes 15,10: " Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik." 

I dag er det mange som seier at dei elskar Gud, men kjenner seg fri til å sjå bort frå lovene hans, særleg i samlivsspørsmål. Dei seier gjerne at Gud er kjærleik, og at han av den grunn velsignar alle typar kjærleik, då i meininga seksuelle uttrykksformer mellom vaksne baserte på samtykke og truskap. Men dette er ei av dei store løgnene i kyrkja i dag, løgner som forfører menneska bort frå Gud og inn i eit evig mørke under Guds dom, og Jesus er overlag streng i domen over dei som seier at det Gud forbyr er tillateleg. Det var betre for dei om dei aldri hadde blitt fødde. 

Alle som har Den heilage ande, elskar Gud og hans lover, ja dei frydar seg over dei fordi lovene hans er gode, dei skisserer for oss korleis eit liv i kjærleik ser ut, dei vernar oss mot djevelens øydeleggande gjerningar, og hjelper oss ut av ein snevert, nytingssjukt og sjølvoppteke liv. Dei løftar oss opp slik at me ser våre medmenneske med djup sympati, og gjev oss eit djupt ønskje om å bety noko for dei. 

Når salmisten skriv at han lyfter hendene mot Herrens bod, er det Herren sjølv han rekker dei mot. For Herren er i sitt ord, og han er eitt med sitt ord, ja, i den grad av Jesus i Johannes 1 blir kalla Guds ord. 

Til slutt. Les Bibelen, lær nokre bibelvers utanåt, siter dei for deg sjølv i ny og ne. Då er du blitt ein grundar, og grundarar blir sterke i Gud. Dei ber mykje frukt som andre kan næra seg av les me i Salme 1. 

Ingen kommentarer: