torsdag 16. februar 2023

Salme 119,51-54

 Dei frekke håner meg grovt,

          men eg har ikkje bøygd av frå di lov.
          
   
 52 Eg kjem i hug dine lover frå gammal tid,
           Herre, då finn eg trøyst.
          
   
 53 Eg blir gripen av harme over dei lovlause,
          dei som går bort frå di lov.
          
   
 54 Dine forskrifter er mine songar
          kvar eg enn held til.

I dag, som før, vil alltid dei som hevdar Guds ords sanning bli håna grovt. Ja, no kanskje meir enn nokon gong i og med at me har fått sosiale medier der folk kan få fritt utløp for alt dei har av motstand mot Gud inni seg. Men dei kan jo ikkje så godt retta sinnet sitt mot Gud, for han trur dei gjerne ikkje på. Då endar det med at det går ut over Herrens tenarar. 

Det er tøft når det skjer, og det er lett å gje etter for presset og bøya av. Men salmisten hadde ikkje det. Han sto fast og veik ikkje ein tomme bort frå Guds lov eller forkynninga av denne lova. 

Når det stormar og brusar rundt oss, er det viktig å ha rett fokus. Ikkje på alt spetakkel, men på Guds ord. Det er av gammal dato, men likevel alltid nytt. Gud trøystar oss rikeleg gjennom Bibelens mektige ord. 

Salmisten blir sinna på dei lovlause. Han hissar seg opp på dei. Kvifor det? Fordi lovlause folk hevdar at det Gud seier er rett, er feil og vise versa. Dei snur alt på hovudet for folk, og dei forkynner med iver den nye læra si. Dette frustrerar salmisten, og han reagerer med harme, slik som Jesus då han dreiv pengevekslarane ut av templet. 

Å gå bort frå Herrens lov er einsbetydande med å gå bort frå Herren sjølv. Det vil eg gjerne poengtera i denne tida me lever i i dag når folk trur dei kan ha eit anna høve til Gud enn det dei har til hans ord, Bibelen. 

Salmisten er ein songar. Alltid og over alt syng han. Han set melodiar til Guds ord, og fyller dagen sin med song om og til Gud. 

Her er me som lever i dag privilegerte. Overalt kan me finna lovsongar til Gud som me kan fylla liva våre og lufta rundt oss med. Syng for Herren! Det er ditt fremste livskall, og ingenting hjelper deg å veksa som kristen som lovsongen til Gud. Songen aukar den kontaktflata du har med Gud, og jo meir du praktiserer, jo nærare kjem du Gud, og jo meir mirakuløst vil du koma til å leva. 


Ingen kommentarer: