tirsdag 14. februar 2023

Salme 119,49-50

 ז Kom i hug ditt ord til din tenar.

          Gjennom det har du gjeve meg von.
          
   
 50 Det er mi trøyst i nauda
          at ditt ord gjev meg liv.

Salmisten har fått personlege ord frå Gud. Gjennom dei har han fått von. Lovnaden har ikkje gått i oppfylling enno, men salmisten veit at det skal skje. Når Gud talar til oss veldig personleg, som han stundom gjer, så er det så sterkt at det blir lett å tru på det. 

Sjølv har eg opplevd det ved fem høver. Ein gong, etter at kona og eg hadde mista vårt første barn, det var ein dødfødsel, synte han meg eit stort slektstre som skulle veksa fram frå vårt ekteskap. Det var til stor trøyst for oss begge, og det har skjedd. 

Men før det talte han så tydeleg til meg om den medynk han har for barnet i mors liv. Den opplevinga har vore med og forma mitt engasjement mot fri abort. Å drepa små foster er å kriga mot Gud. 

I 1998, under fotball-VM i Frankrike, sa han til meg nokre dagar før kampen mellom Noreg og Brasil i Marseilles  at Noreg skulle vinna. Det var eit utenkjeleg utfall for alle.  Men Gud synte meg dette for å bevisa sin eksistens for ein av kollegane mine. Han trudde ikkje på Gud, og då eg fortalde han om kva som skulle skje i denne kampen, sa han: Ja, dersom DET skjer, skal eg tru på alt du seier. Og på mirakuløst vis  vann  Noreg 2-1 etter lenge å ha lege under med 0-1. På forsida av Dagbladet dagen etterpå stod det med lysande bokstavar: MIRAKELKAMPEN! Og det var det. 

Så talte han ein gong til meg om ei kristen vekking som eg skal få sjå utfalda seg, og ein annan gong om ei lækjedomsrørsle som kjem.

Desse orda er enno ikkje oppfylte, men dei fyller meg med von om at det skal skje. Eg veit at det skal skje. 

Kanskje har han også gjeve deg også eit heilt personleg ord om noko godt som skal skje? Eg vil gjerne oppmuntra deg: Hald fast på ordet frå Guds munn. Det vil skje som Gud har sagt deg. 

Salmisten var i naud. Nokre meiner at kristne ikkje skal trenga å erfara naud. Men det er sjølvsagt berre tullesnakk. Kristne erfarer ulike naudssituasjonar som alle andre, og i tillegg kjem den motstand me får fordi me er kristne, og særleg dersom me tydeleg hevdar Guds sanningar om kva som er rett og galt når det gjeld kjønn og samliv, eller dersom me er tydelege på at livet har to utgangar, himmelen for dei som trur på Jesus og helvete for alle andre.  Det er i dag utoleleg for mange å forhalda seg til slik tale, og kristne som står på Bibelen i desse spørsmåla kan oppleva å bli stengt ute frå arbeidsmarknaden. Det er alltid ein pris å betala for å følgja Jesus og Bibelen. Likevel: Våre trussøsken i mange andre land betalar langt meir for sin truskap mot Kristus enn det me i vårt land risikerer. 

Mitt i all di naud skal du søka tilflukt i Guds ord. Der finn du trøyst, liv og livsmot. Guds ord er eit levande ord som skaper tru og liv, og som bevarer deg i trua kvar einaste dag.




Ingen kommentarer: