lørdag 25. februar 2023

Salme 119,57

 Herren er min arvedel

  Tenk kor fantastisk det er å kunne sei ut at "Herren er min arvedel".  Vanlegvis arvar me pengar og ting. Men ikkje i kristendomen. Der arvar me Gud. Ikkje verst altså. Kan du tenkja deg ein flottare og større arv enn Gud sjølv? Hallo! Her me snakkar me om skaparen av himmel og jord, opphavet til alt som finst. Den evige Gud. Og Bibelen seier om Jesus Kristus, Guds Son, at han var Gud frå æva av, og at han  som var uendeleg rik, vart fattig, for at me ved hans fattigdom skulle bli rike. Det skjedde då han døydde for oss og stod opp att frå dei døde. Dette kallar me evangeliet om Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre. Kjære kristne venn! Du er Guds barn, og du har ein søkkrik Gud som alltid er hos deg. Han manglar ikkje ressursar når du treng hans hjelp. Han grip inn med makt når du kallar på han. Det er ein del av din arv. 

Dei som arvar er barn, eller dei som er tilgodesett i eit testamente. Og tenk: Begge deler er sant for oss kristne. Me er Guds barn ved trua på Jesus Kristus, og det har me fått svart på kvitt i Guds ord der det står at KVAR DEN som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Evangeliet i i Det nye testamentet er, ja, som ordet seier, rett og slett eit testamente, og samstundes er det det ordet som har fødd oss på nytt. Ved å ta imot Guds ord, har me fått Guds åndelege DNA (eller skal me seia DHA, Den Heilage Ande), del i guddommeleg natur, og i tillegg er me adopterte av Gud som barn og arvingar til hans evige rike. Når kristne tenkjer på arven, går tankane gjerne mot himmelen. Og himmelen er vår arv, men utan Jesus er det ingen himmel.  Ingen som helst. Det er Han som er vår arvedel. Fantastisk. 

Ingen kommentarer: