mandag 6. mars 2023

Salme 119,58-60

 58 Av heile mitt hjarte bed eg om velvilje for ditt andlet.

          Ver meg nådig slik du har sagt!
          
   
 59 Eg har tenkt over mine vegar,
          eg vil venda attende til dine lovbod.
          
   
 60 Eg skundar meg, eg dryger ikkje
          med å halda dine bod.

I vers 58 ber salmisten av heile sitt hjarta om velvilje for Herrens andlet, at Herren skal ta imot han med nåde og respondera positivt på bøna hans, og han legg til: "slik du har sagt". Han minnar Herren om at løftene, noko Gud likar godt, og som han oppmodar oss til å gjera.

Det finst mange halvhjarta bøner i verda, bøner bedne av religiøs plikt. Dei har liten og ingen verdi dersom dei då smått om senn ikkje fører oss inn i noko sterkare. Eit menneske som ber av heile sitt hjarta, er desperat etter Gud og hans hjelp, og kan ikkje klara seg utan. Gud responderer på slike bøner. Ei bøn som er god å be er denne: "Herre, skap den desperasjon i meg som gjer at eg blir ein som ber av heile mitt hjarta!"

Vers 59 er ei omvendingsbøn. Det vanskelegaste eit menneske kan gjera er å erkjenna feil, og enno verre er det å erkjenna at sjølve retninga på livet har vore feil, at ein har vore på veg bort frå Gud og himmelen. Det er nok ikkje der denne salmisten er, han er jo ein gudfryktig mann. Men likevel har han funne avvik hos seg sjølv, han ser at han har akseptert synd i livet sitt, og at han treng regulering. Difor sannar han synd som synd, får ting på rett plass og vender attende til Guds lov.  Dette er den daglege omvendinga som alle kristne må leva i for å bli ståande i trua og leva sunne og sanne kristenliv. 

Og som eit førebilete for alle menneske dryger han ikkje med å ta denne avgjerda. Det er ingenting å venta med. Det er berre å hoppa i det. Når eit menneske ventar med å bli kristen, eller ventar med å ta eit naudsynt oppgjer med Gud eller eit medmenneske som ein har påført skade eller tap, er det eit bedrag. For me har ikkje god tid, me har ikkje tid i det heile tatt, berre augneblinken. Ingen rår over framtida, berre Gud. Og for det andre: Kvifor skal me på død og liv alltid leva så lenge i det som er feil og som forringar livskvaliteten vår? Nei, få det ut av livet ditt med ein gong så du kan nyta livet med Gud og nesten i lange, gode drag. 

Ingen kommentarer: