tirsdag 7. mars 2023

Salme 119,61-62

 61 Dei lovlauses band slyngjer seg om meg,

          men eg gløymer ikkje di lov.
          
   
 62 Midt på natta står eg opp og prisar deg
          for dine rettferdige lover.

Dei lovlause manglar ikkje lover, men dei har forkasta Guds lover og erstatta dei med sine eigne. Når dei lovlause får makt, vil dei alltid prøva å kvela stemmene til dei som fryktar Gud, og som hevdar at Guds lover er dei einaste gyldige og gagnlege. Dei vedtek lover som både skal hindra trufaste kristne å samlast for å dyrka Gud, og å dela trua si med andre. Dei forbyr spreing av Bibelen og annan kristen litteratur, og dei kastar banda sin ut for å fanga dei og fengsla dei truande.  Det skjer i dei fleste muslimske land, og dessutan i Kina og India, og verstingen er Nord-Korea. Men me ser at desse kreftene også begynnar å reisa seg i Noreg no. Snart vil det å kalla folk til omvending frå sine synder bli karakterisert som hatsnakk, som faktisk allereide er straffbart. Sanninga er jo det motsette. Kvifor kallar me kristne folk til omvending frå synd? Fordi me elskar dei. Ikkje fordi me hatar dei. Heile den fantastiske bodskapen om omvending kjem frå djupet av Guds hjarta, og kva finn me der? Rein kjærleik. Og han seier det jo sjølv også i Ordspråka 3,12: Det er av kjærleik er refsar dykk. I regjeringa si nye melding om tiltak for å betra skeives levekår i Noreg, blir konservative religiøse miljø framstilt som kunnskapslause og skadelege. Eg er redd dette er starten på ei ny tid med tronge kår for alle som vil følgja Jesus i Noreg. Om då ikkje Herren grip inn med ei stor vekking som endrar alt dette. Me håpar på det. 

Salmisten opplevde også dette. Men han gløymde likevel ikkje Herrens lov. Han heldt fast på Guds ord midt i alt press og forvirring. Og sann mine ord: Det blir ei utfordring framover for oss kristne å halda fast ved Guds lover. Men det er vår einaste redning at me gjer det, for det er Guds ord som held fast på oss slik at me ikkje fell frå Gud og ned i den evige natt. 

Vers 62 syner oss korleis me skal bli ståande i tru og teneste: Me skal lova og prisa Herren døgnet rundt, ja, til og med om natta dersom me skulle vakna til, noko som mange av oss gjer når me har nådd ein viss alder. Då prisar me Herren for hans godleik og truskap, og ber om å få sova att, og så held me fram med lovsongen når sola renn. 

Ingen kommentarer: