fredag 17. mars 2023

Salme 119,69-71

 69 Dei frekke svertar meg med løgn,

          eg tek vare på dine påbod av heile mitt hjarte.
          
   
 70 Deira hjarte er sløvt av feitt,
          men eg frydar meg over di lov.
          
   
 71 Det var godt for meg å bli audmjuka
          så eg kunne læra dine forskrifter.

Dei frekke spreidde løgner om salmisten fordi han tok vare på Herrens påbod av heile sitt hjarta. Dei likte ikkje at han hevda at Guds lover er universelle, ei heller at han levde så heilhjarta etter dei. Det var om å gjera for motstandarane å sveikka hans innflyting på andre menneske ved å sverta og diskreditera han, om enn med løgn. Det var eit triks då. Det er eit triks i dag. 
v.70. Dei som gjorde dette mot salmisten var velfødde, mette og trygge menneske som  var blitt åndeleg og moralsk dopa av medgang, velstand og massiv sosial støtte. Dei hadde fleirtalet med seg. Dei følgde straumen. Det er eit enkelt liv. Men dei kunne ikkje gleda seg over noko anna enn det denne verda hadde å by på. Men salmisten fryda seg over Herrens lov. Han hadde sett at Guds lover er livsens lover, og dessutan må han ha levd med evigheten som perspektiv. Han visste at Guds lover er lover, og at det ein dag skal fellast ein dom. Dei som er åndeleg og moralsk vakne veit det. 
v.71. Salmisten var blitt audmjuka. Han hadde hatt store tankar om seg sjølv, men hadde innsett at dei var løgnaktige. Det ser ut til å vera ein regel at før Gud kan gje eit menneske nåde, må han audmjuka vedkomande for å gjera han mottakeleg for denne nåden. Han syner oss at me slett ikkje er autonome, kloke, sjølvstendige, sterke, gode og frie menneske, som me likar å tru om oss sjølve,  men at me er bundne til vår eigen egoisme, til eit hav av uærlegdom, og til ting og personar, alt saman faktorar som i stor grad styrer oss, og fører oss bort frå Gud og det gode, sanne og rette. Kven skal me lytta til i denne straumen av tankar, meiningar og inntrykk som møter oss kvar einaste dag i ei verd prega  av ein straum av sterke inntrykk, tankar og meiningar som kjem mot oss gjennom TV, aviser og sosiale medier? Kva og kven skal me låna øyra til? Me må lytta til Bibelen, for der talar Gud, og det finn me sanninga, der blir me bli rett orientert, der møter me Gud i all hans majestet og godleik, der får me sunn sjølvinnsikt, og me opplever å bli benåda og elska av nettopp Gud, han som er den rett Far for oss alle. 

Ingen kommentarer: