6 Herre, til himmelen når di miskunn,
til skyene rekk din truskap.
7 Di rettferd er som mektige fjell,
som det store havdjup er dine dommar.
Herre, du bergar både menneske og dyr.
8 Kor verdfull din kjærleik er, Gud!
I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly.
9 Dei får nyta overfloda i ditt hus,
du lèt dei drikka av gledebekken din.
10 For hos deg er livsens kjelde,
i ditt lys ser vi lys.
Dette avsnittet er ein mektig proklamasjon av kven og korleis Gud er, ein lovsong som ligg klar til bruk for oss alle. Eg tilrår deg å læra desse versa utanåt og brukar dei i bønelivet ditt.
Vers 6 slår fast at Herrens miskunn nåt til himmelen og at hans truskap når til skyene. Det betyr at du heile tida er totalt dekka av Guds miskunn og truskap. Det er elementet du lever i.
Vers 7: Guds rettferd er eit uttrykk for Guds gode og lover, og hans vilje til å tilgje dei som har brote dei og som innrømmer skulda si. Lovene er, som dei mektige fjella, uforanderlege og hans frelsesvilje uslitelege. Eit norsk uttrykk for dette er: Guds rettferd står til Dovre fell, og Dovrefjell kan ikkje falla.
Guds domar er eit uttrykk for hans gjerningar, hans styresett i verda. Dei er djupe som det djupaste havet, uforståelege for oss menneske. Men det me skal forstå, det deler han med oss, og det handlar om hans store frelsesvilje. Han bergar menneske og dyr. Dyra er heilt nødvendige for liva våre, og Guds omsorg for dei, er eit uttrykk for hans omsorg for oss.
Vers 8: Guds kjærleik er den største av alle verdiar i menneskelivet. Den som har Guds kjærleik er eit rikt menneske. Den som står utanfor Guds personlege kjærleik, er uendeleg fattig.
Siste delen av verset handlar om retten til å leva i Guds umiddelbare nærleik, i skuggen av vengjene hans. Du snakkar om privelegium. Jesus snakkar om å samla oss slik som høna samlar kyllingane sine under vengjene sine. Men det må me vilja. Står me Gud nært, er me trygge. Lever me langt borte frå han, er me sårbare for synd og sorg.
Vers 9: Den som lukkar Guds kjærleik inn i livet, blir sjølv lukka inn i Guds heim og får nyta overfloda der. Når eit menneske erfarer å få bada i Guds kjærleik kjem den store gleda. Denne gleda er i Gud og hos Gud og kjem over oss så lenge me held oss til Gud og hans godleik. Gleda er grunnstemninga i truslivet. Engelen på Betlehemsmarkene sa til gjetarane: "Sjå, eg forkynner dykk ei stor glede..." Jesus Kristus, den oppstadne frelsaren, er vår store glede.
Vers 10: I Gud er livsens kjelde. Det er i samfunnet med Han me får evig liv, men det er også han som gjer liva våre verd å leva. Slik opplevest det for alle som har oppdaga Gud, uansett om liva deira har vore kjempegode før dei kom til tru også. Det lyset menneska ser hos Gud er så annleis og så mykje vakrare enn alt anna lys dei har sett, at dei må sanna med David: Det er i ditt lys eg ser lys. Dvs. det er i lyset frå Guds kjærleik eg oppdagar sanninga om livet, verda, meg sjølv, min neste osv. Det er som eit sceneteppe som går opp, og bak dette teppet opnar det seg ei verd som var totalt ukjent for eit menneske før. Det opnar heile tilværet. Gud kallar det for openberring, som rett og slett betyr avdekking.
På denne bloggen vil eg gå gjennom og kommentera ein del bibelske tekstar vers for vers. Bibelen er basis for den kristne trua, og det kristne livet, og alt me tenkjer, gjer og besluttar må målast på det som står der. Ver med meg på denne reisa og lat deg inspirera.
Viser innlegg med etiketten Guds rettferd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Guds rettferd. Vis alle innlegg
mandag 23. september 2013
Salme 36,6-10
Etiketter:
glede,
Guds domar,
Guds frelse,
Guds kjærleik,
Guds lover,
Guds lys,
Guds miskunn,
Guds rettferd,
Guds truskap
mandag 27. august 2012
Salme 31,1-6
Til korleiaren. Ein salme av David.
2 Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,
lat meg aldri bli til skamme!
Fri meg ut i di rettferd!
3 Vend øyret til meg,
skund deg og redd meg!
Ver meg eit vern og eit berg,
ei borg til frelse!
4 Du er mitt fjell og mi borg;
for ditt namn skuld fører og leier du meg.
5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!
For du er mi tilflukt.
6 I dine hender gjev eg mi ånd,
du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
2 Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,
lat meg aldri bli til skamme!
Fri meg ut i di rettferd!
3 Vend øyret til meg,
skund deg og redd meg!
Ver meg eit vern og eit berg,
ei borg til frelse!
4 Du er mitt fjell og mi borg;
for ditt namn skuld fører og leier du meg.
5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!
For du er mi tilflukt.
6 I dine hender gjev eg mi ånd,
du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
v.2: David søkjer tilflukt hos Herren og ber om å bli fridd ut or naud. Guds rettferd er eit viktig omgrep i Bibelen. Det er eit uttrykk for Guds gode vilje. Det er så viktig at me tenkjer rett om Gud. Han er ikkje vår motstandar, men han kjempar alltid for dei som søkjer tilflukt hos han. Å søkja tilflukt er eit uttrykk for TRU. Til skamme vert berre dei som fell frå Gud i vantru.
v.3a: Han ber om at Herren skal høyra på han og berga han, og at han ikkje må venta med å hjelpa. David føler det har hast. Og slik opplevest det når nauda vert veldig påtrengande. Det må skje noko fort.
v.3b: Så ber han om at Herren skal vera eit vern og eit berg for han, ja, ei borg til frelse. Han veit nok at Gud ER alt dette, men eg tolkar denne strofa slik at han no ber Gud om å DEMONSTRERA at det er slik.
v.4: Her sannar han at han verkeleg trur på Gud, at han er den han har sagt han vil vera for David, og at han leier og fører han for sitt namn skuld. Dette er eit viktig dogme: Gud fører oss slik at HANS NAMN får ære gjennom det me gjer og det som skjer med oss.
v.5: Nokre har påført David store problemer, og han sit pinn fast, som ein fisk i garnet. Han kan ikkje koma seg laus utan Guds hjelp, og han ber inderleg om utfriing. Guds barn opplever stadig at det er slik, særleg i land der forfølging er vanleg. Kristne vert lurte inn i feller, blir fanga og må gå gjennom tøffe ting.
Jesus opplevde jo også dette. Dei la stadig feller for han, men dei kunne ikkje fanga han før i Guds eigen time. Då let han seg fanga for vår skuld, og han gjorde ikkje motstand. Han kunne aldri gjera noko på eiga hand. Han måtte alltid ha Fars sanksjon og leiing. Men på veg mot krossen var Far stille og passiv. Han greip ikkje inn, og Jesus møtte døden på krossen for vår skuld. Heile tida ropa han til Gud: skunda deg og hjelp meg. Ja, truleg bad han denne salme me jobbar med her. Men døden slukte han. Alt såg ut til å vera tapt. Men Jesus vart han bønhøyrd. Tredje dagen slapp dødens taket på han, og han sto opp att som den store og evige sigerherren.
Kva er snart? Det kan vera så mangt. 3 dagar var i alle fall snart nok til at Jesus i dag er vår alles frelse.
v.6 kjenner me att som eit Jesussitat. Før han døydde ropa han ut: "Far, i dine hender overgjev eg mi ånd." Soningsverket var fullført, og Jesus gjekk til Far.
Denne bøna er god å be for alle kristne, og særleg når livet vert pinefullt vanskeleg. Då er det godt å tillitsfullt overgje seg til Herren på nytt i tillit til at han vil løysa oss ut på ein eller annan måte, og må me døy, ventar Fars hender på den andre sida, og seinare, når Jesus kjem att, ei triumferande oppstode.
Etiketter:
død,
Guds rettferd,
leiing,
oppstode,
ånd
Abonner på:
Innlegg (Atom)