mandag 27. august 2012

Salme 31,1-6

Til korleiaren. Ein salme av David.
         
   
 2 Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,
          lat meg aldri bli til skamme!
          Fri meg ut i di rettferd!
         
   
 3 Vend øyret til meg,
          skund deg og redd meg!
          Ver meg eit vern og eit berg,
          ei borg til frelse!
         
   
 4 Du er mitt fjell og mi borg;
          for ditt namn skuld fører og leier du meg.
         
   
 5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!
          For du er mi tilflukt.
         
   
 6 I dine hender gjev eg mi ånd,
          du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.

v.2: David søkjer tilflukt hos Herren og ber om å bli fridd ut or naud. Guds rettferd er eit viktig omgrep i Bibelen. Det er eit uttrykk for Guds gode vilje. Det er så viktig at me tenkjer rett om Gud. Han er ikkje vår motstandar, men han kjempar alltid for dei som søkjer tilflukt hos han. Å søkja tilflukt er eit uttrykk for TRU. Til skamme vert berre dei som fell frå Gud i vantru.

v.3a: Han ber om at Herren skal høyra på han og berga han, og at han ikkje må venta med å hjelpa. David føler det har hast. Og slik opplevest det når nauda vert veldig påtrengande. Det må skje noko fort. 

v.3b: Så ber han om at Herren skal vera eit vern og eit berg for han, ja, ei borg til frelse. Han veit nok at Gud ER alt dette, men eg tolkar denne strofa slik at han no ber Gud om å DEMONSTRERA at det er slik.

v.4: Her sannar han at han verkeleg trur på Gud, at han er den han har sagt han vil vera for David, og at han leier og fører han for sitt namn skuld. Dette er eit viktig dogme: Gud fører oss slik at HANS NAMN får ære gjennom det me gjer og det som skjer med oss. 

v.5: Nokre har påført David store problemer, og han sit pinn fast, som ein fisk i garnet. Han kan ikkje koma seg laus utan Guds hjelp, og han ber inderleg om utfriing. Guds barn opplever stadig at det er slik, særleg i land der forfølging er vanleg. Kristne vert lurte inn i feller, blir fanga og må gå gjennom tøffe ting. 

Jesus opplevde jo også dette. Dei la stadig feller for han, men dei kunne ikkje fanga han før i Guds eigen time. Då let han seg fanga for vår skuld, og han gjorde ikkje motstand. Han kunne aldri gjera noko på eiga hand. Han måtte alltid ha Fars sanksjon og leiing. Men på veg mot krossen var Far stille og passiv. Han greip ikkje inn, og Jesus møtte døden på krossen for vår skuld. Heile tida ropa han til Gud: skunda deg og hjelp meg. Ja, truleg bad han denne salme me jobbar med her. Men døden slukte han. Alt såg ut til å vera tapt. Men Jesus vart han bønhøyrd. Tredje dagen slapp dødens taket på han, og han sto opp att som den store og evige sigerherren. 

Kva er  snart? Det kan vera så mangt. 3 dagar var i alle fall snart nok til at Jesus i dag er vår alles frelse. 

v.6 kjenner me att som eit Jesussitat. Før han døydde ropa han ut: "Far, i dine hender overgjev eg mi ånd." Soningsverket var fullført, og Jesus gjekk til Far.  
Denne bøna er god å be for alle kristne, og særleg når livet vert pinefullt vanskeleg. Då er det godt å tillitsfullt overgje seg til Herren på nytt i tillit til at han vil løysa oss ut på ein eller annan måte, og må me døy, ventar Fars hender på den andre sida, og seinare, når Jesus kjem att, ei triumferande oppstode. 

Ingen kommentarer: