onsdag 8. august 2012

Salme 30,1-6

Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David.
        
   
 2 Eg opphøgjer deg, Herre,
          for du drog meg opp,
          du lét ikkje fienden fryda seg over meg.
        
   
 3 Herre, min Gud, eg ropa til deg,
          og du lækte meg.
        
   
 4 Herre, du førte mi sjel opp frå dødsriket,
          du gav meg liv på nytt då eg var i grava.
        
   
 5 Spel for Herren, de hans trugne,
          pris hans heilage namn!
        
   
 6 Ein augneblink varer hans vreide,
          heile livet varer hans nåde.
          Om kvelden kjem gråt som gjest,
          om morgonen blir det gledesong.

v. 1: Salma er skriven til vigslinga av templet. Dette var ikkje bygd på Davids tid, og David laga salma til vigslinga av Salomos tempel.

Me skal også sjå denne salma i eit eit kristologisk og eit esjatologisk perspektiv. Då Jesus døydde og sto opp att, la han grunnvollen for eit nytt tempel bygd av levande steinar, kyrkjelyden. Dette templet er enno ikkje ferdig, og Salme 30 skal følgja oss gjennom heile byggeperioden til Jesus kjem for å henta oss heim til seg. Det skjer ikkje før folkeslaga er komen med i fullt tal, og før Israel og jødefolket har teke imot Jesus som Messias. Det ligg framfor oss, men ikkje så langt.

v.2: Å opphøgja Herren er å takka og hylla han og spreia gode rykter om han for andre menneske. David kjenner trong til det fordi Gud hadde berga han ut or ein situasjon som han ikkje kunne berga seg ut or sjølv. 

Det er sant for alle kristne: Gud har gjennom Jesus frelst oss frå synd og skuld og dom, noko som me ikkje kunne klara sjølv, for ingen kan gjera ugjort det som er gjort, og dagleg hjelper han oss med ting me ber om og med ting som me ikkje legg merke til i det heile tatt. Gud er i det heile veldig aktiv i liva våre. 

David hadde fiendar. Det har me også, men ikkje av kjøt og blod. Våre fiendar er først og fremst åndsmakter som vil føra oss ut i synd og ulukke. Men Gud vernar oss slik at dei ikkje får grunn til å gleda seg. Han held oss fast. Ingen kan riva oss ut av hans hand. Så lenge me held fast i Gud, held han fast i oss.

v.3-4: Det er tydeleg at David hadde vore dødssjuk, ja grava nær. Men han bad inderleg til Gud, og han vart bønhøyrt. Han vart lækt, ført opp frå dødsriket og fekk nytt liv.

Dette passar veldig godt på Jesus. Han var jo faktisk i dødriket og i grava, og vart reist opp att etter 3 dagar. Og ser me salma frå den synsvinkelen, så er det Jesus i vers 5 som gjennom David oppfordrar dei trufaste til å spela for Herren og prisa hans namn.

Me vert altså oppfordra til å spela for Herren. Ikkje berre syngja, men også spela, så lær deg å spela eit musikkinstrument. Gud likar musikk, han er musikkens far, og han vil gjerne ha fyldig og rik musikk når me samlast for å feira Jesus. 

Gud kallar barna sine for sine trugne. Dei er slike som trur og som trufast gjer det han ber dei om. Gud er trufast, og han forventar at borna hans også skal vera det, trufaste mot han og mot kvarandre. 

v.6: Gud er sint på synda. Ho bryt ned folk og fellesskap, og det vekker eit brennande harme i han. Det står om Jesus at han kom for å gjera ende på djevelen sine gjerningar og ta bort syndene våre. Difor råka Guds vreide han i staden for oss. Men denne ufattelege smerten varte berre ei lita stund, så var frelsesverket fullført, og den gode evigheten kunne starta for Jesus og alle truande.

Me er alle syndarar, og i sitt ord og gjennom ting som skjer viser han oss sin vreide og dom over dei tinga i liva våre som er prega av vondskap, ureinskap og egoisme. Når det skjer, blir me forskrekka, sannar syndene våre og vender oss bort frå dei. Då kjem Den heilage ande til oss og gjev oss god trøyst ved å syna oss til Kristus som døydde for oss og stå opp for oss, og når me ser Jesus, erfarer med Guds nåde i sjela, den nåden som aldri tek slutt. 

Så les me om sorga og gleda. Om kvelden kjem gråten som gjest. Kvelden står her for tider med sorg. Eg tenkjer på Maria Magdalena, Maria (Jesu mor), Johannes, Nikodemus og Josef frå Arimatea då dei tok Jesus ned frå krossen, sveipte liket og la det i grava. Det var ein kveld med hemningslaus sorg. Det var den kvelden då verda og livet stoppa heilt opp for alle Jesu vener. Dei hadde ingenting att. 

Men påskemorgon kom med gledesong. Då fekk dei sjå den oppstadne Jesus gjennom tårer, og etter den dag har han fylt alle sine truande vener med ei useieleg glede som aldri tek slutt, ei gleda som ber dei gjennom alle vanskar, økonomisk knappheit, sjukdom, forfølging, fare eller sverd. Alt tenar oss til det gode, skriv Paulus i Romerbrevet 8,28, og ingenting kan skilja oss frå Guds kjærleik i Jesus Kristus, vår Herre.

Eg tenkjer vidare på all den sorg og naud som denne verda hyser. Det er ingen ende. Tårene fløymer i eitt sett, og berre Gud ser dei og held tellinga med dei. Men for den som held seg til Jesus, lever i lyset og ber, skjer det under på under. Jesus går gjennom låste dørar, han lagar veg der det ikkje er veg, han lækjer der ingen andre kan. Han har nøkkel til alle låste dørar, og når du går med han, går du saman med den store nøkkelmannen. Ingen kan stenga han ute frå andre plassar enn frå sine eigne hjarto.

Og ein dag kjem Jesus attende. Det skjer snart. Då skal alle få sin rettferdige dom, og Gud sjølv skal gjera ende på vondskapen, døden og sorga. Dei første ting skal vika bort, og Han skal skapa ein ny himmel og ei ny jord der rettferd bur. Sola og månen skal ikkje vera meir.  Gud sjølv skal lysa for sine barn, og han er ei sol som aldri går ned.



Ingen kommentarer: