mandag 13. august 2012

Salme 30,7-13

 7 Eg kjende meg trygg og sa:
          «Aldri skal eg vakla!»
       
   
 8 Herre, i din velvilje
          sette du meg på fast fjell;
          men så løynde du ditt andlet,
          eg vart gripen av redsle.
       
   
 9 Til deg, Herre, ropa eg,
          eg bad til Herren om nåde:
       
   
10 «Kva tener det til at blodet renn,
          at eg går i grav?
          Kan vel støvet prisa deg?
          Kan det forkynna din truskap?
       
   
11 Høyr meg, Herre,
          ver meg nådig!
           Herre, ver mi hjelp!»
       
   
12 Du vende mi dødsklage til dans,
          du tok sekkestrien av meg
          og kledde meg i glede.
       
   
13 Difor syng eg din pris og er ikkje stille.
           Herre, min Gud, eg vil alltid prisa deg.

v. 7: Kong David kjende seg trygg, litt for trygg, kan me seia Han tenkte: Ingenting vondt kan henda meg. Ingen storm kjem over meg. No er livet godt, og slik skal det berre fortsetja.  Han kjende seg sterk og usårbar. Men det var han ikkje. Ingen menneske er det. Saka er: Me er berre støv. Kjem det eit vindpust inn i liva våre, virvlar me hjelpelaust avgarde. 

Det einaste faste og uforanderlege i liva våre er Gud åleine og hans ord. Og han seier: "Trur du på meg, skal du ikkje rikkast, sjølv om livet skulle by på både stormar, orkanar og all slags uvær."

v.8:  Å vera kristen er ikkje det same som berre å ha medgang og siger. Det hender at Gud skjuler seg for oss. Ikkje for å bedrøva oss, men for å få å testa trua vår, om ho er ekte, for at me skal bli klår over veikskapar hos oss sjølve og få oss til å trenga nærare innpå han. 

Og så vil han gjerne læra oss å stola på hans ord og ikkje på kjenslene våre. For Guds ord forandrar seg nemleg aldri, men det gjer kjenslene våre. Dei er ingenting å stola på. 

Og hos David avslørte Gud ein veikskap: David bar på ei skjult redsle for sjukdom, død og undergang. Då Gud løynde seg for han, kom denne frykten opp til overflata. Det var viktig. For me kan berre gjera noko med dei problema me veit om.

v.9: Og David ropa til Gud og bad om nåde, og han argumenterte med Gud og sa at dersom han døydde, kunne han jo ikkje kunne vitna om Gud, så han såg ikkje meininga i det at han måtte døy i ung alder. Han kjende seg ikkje ferdig til å fara her i frå (v.10), og han trygla Gud om å bli høyrt og at om at Gud måtte syna han nåde og hjelpa han ut or situasjonen (v.11)

Slik kan me også argumentera med Gud når me ber, og Gud likar slik bøn godt.

 v.12: Og Gud greip inn i David sitt liv og gav han herleg lækjedom, og dødsklagen vart snudd til gledesdans. Det skulle gje godt mot til alle som føler at dei heng i ein tynn tråd over ein avgrunn. 

v.13: Denne erfaringa bar frukt i David sitt liv. Det løyste ut ein herleg lovsong i han, nemleg denne salma som me jobbar med, som etter den tid er blitt sungen i alle generasjonar, og som folk til alle tider kjenner seg att i. 

Jesus låg også langflat i Getsemanehagen og bad Far om å få sleppa undergangen. Han var så redd at han sveitta blod. Men for han var det ingen veg utanom smerten. Han måtte gjennom det. Alle våre synder måtte han bera med seg opp på krossen. Kvar av dei var som ei nål stukken inn i kroppen hans, og Guds straffedom over dei måtte han sona. Men då alt var fullført, og døden hadde forløyst han frå alle plager, var alle syndene våre borte. Ære vere Gud for det, og Far reiste han opp att frå dei døde og kledde han i glede.  Slik godkjende han Jesu Kristi frelsesverk som godt nok for alle menneske til alle tider.

Av den grunn kan me alle no prisa Gud, og det gjer me. Me teier ikkje, me er ikkje stille, men me prisar Gud med heile oss kvar einaste dag så lenge me lever, og seinare i all æv (v.13)


 




Ingen kommentarer: