søndag 17. juli 2022

Salme 107,39-43

 Sidan vart dei få,

          dei vart tyngde ned
          av undertrykking, ulukke og sorg.
          
   
 40 Han auste forakt over stormenn
          og førte dei vill i veglause øyda,
          
   
 41 men lyfte dei fattige opp av nauda
          og gjorde deira slekter talrike som ein saueflokk.
          
   
 42 Dei rettvise ser det og gleder seg,
          all urett må lata att sin munn.
          
   
 43 Den som er vis, skal ta vare på dette
          og merka seg Herrens miskunn.

Vers 39: Dei vart få, underforstått som ei følgje av deira synd, dei tapte Guds velsigning på vegen. Guds velsigning fører til vekst. "Gud velsigna dei og sa: Bli mange!" 1.Mosebok 1,28.
Fordi dei var få, vart dei også svake, og var lette å undertrykka av utanforståande makter. Det gav folket store sorger. 

v.40-41 Uansvarlege stormenn som utnyttar stillinga si til å berika seg sjølv og sine, er ikkje noko nytt. Dei har alltid vore aktørar på historias arena. Men Herren foraktar dei. Han gav dei makt for at dei skulle tena vanlege folk og sørga for fattige, enkjer, farlause, flyktningar og innvandrarar.  Men dei enda opp som sjølvsentrerte despotar. Bibelen lærer oss at Gud straffar slike leiarar ved å føra dei på villspor. Dei taper leiarskapen sin, og hamnar i eit "veglaust og aude" landskap, der dei ikkje finn attende til makta att. Då reiser Herren opp nye leiarar som vil lytta til han og ta hans ord om sosial rettferd på alvor. Dei opplever at Herren velsignar dei og gjer dei fruktbare og talrike, jmf 1.Mos 1,28. 

v.42. Det fører til glede i den rettferdige leiren når alle urettferdige må lata att munnen, dei som vanlegvis er så frekke i sin tale. Dei urettferdige er ikkje farlege så lenge dei veit at det dei står for er feil, men når dei trur dei har rett, då er dei farlege. Avsnittet minnar meg om Romarbrevet 3,19 der me les at Gud gav oss lova for at kvar munn skal tagna og heile verda stå skuldig innfor Gud. 

v.43. Den som merkar seg at Gud handlar med leiarar på denne måten, og innrettar livet sitt etter det, er eit klokt menneske. For det ER klokt å alltid stilla seg slik at ein har Gud med på laget. 
 

Ingen kommentarer: