lørdag 12. februar 2022

Salme 105,1-4

 Pris Herren, kall på hans namn,

          gjer gjerningane hans kjende blant folka!
          
   
  2 Syng for han og spel for han,
          syng om alle hans under!
          
   
  3 Ver stolte over hans heilage namn!
          Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.
          
   
  4 Spør etter Herren og hans makt,
          søk alltid hans andlet!

I vers 1-2 blir me oppfordra til å prisa Herren og driva misjon. Her er det ein link. Å syngja lovsongar til Jesus i det offentlege rommet er misjon av beste merke. Herrens gjerningar er naturlegvis alt me kan lesa om av under i Bibelen, og i særleg grad Jesu død og oppstode. Alt i GT peikar framover mot Jesus, og i NT er hans død og oppstode sjølve hovudsaka. 

 I vers 3 blir me oppfordra til å vera stolte over Herrens heilage namn, det namnet som i dåpen vart vårt. Sidan me er døypte til Guds namn, kan me altså rosa oss av å vera berarar av dette namnet, og det at me stolar på krafta, betydningen og verdien av hans namn, gjer oss til kristne. "Men dei som tok i mot han, dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på namnet hans." Joh.1,12.  Betydningen av dåpen kan vanskeleg overvurderast. Han er i seg sjølv eit mirakel. Det fyller alle oss som søkjer Herren med glede i hjarta at me er døypte til Jesu fullkomne frelsesverk og til hans namn. Slik er me blitt hans slekt. 
Det faktum at vår frelse vart gjort ferdig for oss ein gong for alle på Golgata, og at verdien av Jesu offerdød er blitt overført til oss  gjennom ei heilag handling etablert av Jesus sjølv, gjer at me frimodig kjem fram for Herrens ansikt og kan ha fortruleg samfunn med han så ofte som me ønskjer det, og jo meir me nyttar oss av denne retten, jo meir blir me fylte av Gud, og jo gladare blir me. 

Og då forstår me at me i vers 4 blir oppfordra til å spørja etter Herren og hans makt, og alltid søkja Herrens andlet. 

Kven skal me stilla spørsmål om Herren og hans makt til? Til Herren sjølv naturlegvis. Dette handlar om bøn. Å be er å spørja etter Herren, etter å få vera saman med han i vår ånd. Og det får me så lenge me trur på Jesus. Og så treng me hans makt i liva våre kva einaste dag, og særleg når me møter utfordringar me ikkje kan handtera sjølve. Det er så utruleg fint at Herren sjølv ber oss om å be. Då kan me med rette forventa oss at under skjer. 






Ingen kommentarer: