onsdag 29. desember 2021

Salme 103,1-5

 Av David.

        
          Velsign Herren, mi sjel!
          Alt som i meg er,
          velsign hans heilage namn.
          
   
  2 Velsign Herren, mi sjel!
          Gløym ikkje alt det gode han gjer.
          
   
  3 Han tilgjev all di skuld
          og lækjer alle dine sjukdomar.
          
   
  4 Han friar ditt liv frå grava
          og kronar deg med miskunn og kjærleik.
          
   
  5 Han mettar ditt liv med det gode,
          du blir ung att som ørna.

Denne salma er høgt elska og mykje sitert. 
Ho startar med at David lovar Herren for alt det gode han gjer når han tilgjev alle synder og lækjer alle sjelas sjukdomar.

"Sjela" er eit uttrykk for personlegdomen.

"Alt som i meg er velsigna hans heilage namn!" Å vera kristen er å ha eit eit totalengasjement for Jesus. Det er ikkje ein hobby, ein bigeskjeft. Nei, for sanne kristne er Jesus heile livet. Går det an å vera kristen utan at trua grip inn i alt i livet? Svaret er nei. For mange er desverre kristendomen berre ein etikett. Men denne etiketten kan ikkje kobla dei til Gud eller skjula syndene deira. Det skjer først når dei tek imot Jesus i hjarto sine og blir fødde på nytt ved Den Heilage Ande. 

"Gløym ikkje..." Det er så lett for oss å gløyma alt det gode Herren gjer, alt han til dagleg ausar over oss av velsigningar, alt som han har automatisert i skaparverket, alt som går av seg sjølv i kroppane våre, alle dei ufatteleg kompliserte kjemiske prosessane som til ei kvar tid må fungera der for å halda liv i oss, me veit ikkje om det alt. Men me kan prisa og lova Herren for det. Han er meisteren bak og i alt saman. 

Men vonleg er det lett for oss å hugsa på frelsaren og frelsesverket, tilgjevinga og nåden som renn ut frå Golgata, ut frå Kristi kross, ja, får Guds lam som sit ved Fars høgre hand og går god for oss der. 

v.4 Jesus er den som held liv i oss kvar einaste dag. Me tenkjer nok ikkje så mykje over det, men sant er det like fullt. Han som har skapt oss og gav oss livet, bergar oss unna døden kvar dag heilt til vår tid er ute. Men ein dag står me uansett opp att på hans mektige befaling. Grava er ikkje siste stopp, nei på ingen måte. 

Ei krone ber me på hovudet. Som kristne er me kongelege personar krona av den Allmektige Gud, og krona heiter miskunn og kjærleik (nåde). Det skal vera synleg for alle at me er Guds nådebarn. Guds nåde skal stråla ut frå oss. Det lyset kan me ikkje produsera. Det kjem frå Gud og blir reflektert ut til verda. Og så vender den same krafta innover og formar tankane våre. Me er eit folk med verdiar, og kronverdiane er miskunn og nåde, og me behandlar alltid vår neste etter desse prinsippa. 

v.5. Å du forunderlege Gud. Me trur me må jakta på det gode liv. Men det er heilt unødvendig. Gud mettar oss med sin godleik, og når me har han, kjenner me oss så djupt tilfreds som det er mogeleg for eit menneske å kjenna seg. Og hans godleik er ei evig ungdomskjelde. Så lenge me drikk av den, kan me løfta vengjene som mektige ørnar og lata oss føra med av Andens vindar, og så kan me liggja og kvila  på den mektige oppdrifta som Anden gjev oss. 

Ingen kommentarer: