torsdag 19. mai 2022

Salme 106,42-48

 Dei vart undertrykte av fiendar

          og måtte bøya seg under deira hand.
          
   
 43 Mange gonger fria han dei ut,
          likevel trassa dei han med sine planar
          og gjekk under i synd.
          
   
 44 Men han såg til dei i nauda
          då han høyrde dei ropa.
          
   
 45 Han kom i hug si pakt med dei
          og viste medynk i sin store kjærleik.
          
   
 46 Så lét han dei møta miskunn
          hos alle som heldt dei som fangar.
          
   
 47 Frels oss, Herre, vår Gud,
          sank oss inn frå folka
          så vi kan prisa ditt heilage namn
          og uredde lovsyngja deg.
          
   
 48 Velsigna er Herren, Israels Gud,
          frå æve til æve!
          Og heile folket skal seia: Amen!
          Halleluja!
v. 42-43: Israels historie i GT er dramatisk. Landet måtte ofte kjempa for sin eksistens. I denne kampen var Gud ein sikker alliert så lenge dei heldt seg til han og hans bod. Men gjorde dei opprør mot han og følgde sine eigne tankar og vegar, tapte dei hans vern, og dei vart invaderte av framande folkeslag som undertrykte og bortførte dei. Slik er dette folket og historien deira ei åtvaring til alle slekter. Når me neglisjerer Gud og hans ord, taper me hans vern og går under i synd.  

v. 44-46: Men liksom ikkje alt håp var ute for israelittane, er heller ikkje alt håp ute for oss i dag når me har rota oss bort frå han. Då Israel ropa til Gud, såg han til dei i nauda. Slik er han den dag i dag. Når me ropar til han, rører me ved hjarta hans, han kjem i hug Kristuspakta, og i sin store kjærleik grip han inn og bergar oss. Då Israel var bortført til Babylonia, ropa folket til Gud om frelse. Då let han dei vinna babylonarane sin gunst slik at det skulle vera leveleg for dei medan dei venta på å få koma attende til Israels land. Dei første kristne var også godt lika av folket. Det er eit poeng for oss også som ventar på Jesu gjenkomst og endeleg frelse at me kan ha gunst hos vanlege. Det gjer det leveleg på jorda, og det legg eit godt grunnlag for oss til å dela evangeliet med folk. 

Bøna i vers 47 fekk jødane svar på då dei fekk koma attende til heimlandet frå Babylon og Persia i åra 539-440 f.Kr. 
Men også i dag svarar Gud på denne bøna når millionvis av jødar har returnert til Israel dei siste 150 åra. 
Men dette er også ei bøn om frelse for folkeslaga. Dei som kjem til tru på Jesus er dei som blir utvalde frå einkvar nasjon, stamme og språk og samla i Kristi kyrkje.
Og kvifor skjer dette? For at det alltid skal vera eit folk som prisar Herrens heilage namn og uredde lovsyng han.
Og dei syng at Herren er velsigna frå æve til æve, og heile folket svarar Amen! 

Ingen kommentarer: