torsdag 5. mai 2022

Salme 106,24-31

 Vers 24 syner til den gongen då israelittane nekta å gå over Jordan for å innta Kanaans land fordi dei trudde landet var uinntakeleg. Berre Josva og Kaleb trudde at Gud ville hjelpa dei til å lukkast med prosjektet, sjølv om Gud utrykkjeleg hadde gjeve dei ordre om å gå over elva. Som straff måtte folket gå i øydemarka i 40 år heilt til den vaksne generasjonen var død. Vantru genererer straff.

V 25-27 er ein ny synd-straff syklus. Folket murra mot Gud. Dei var misnøgde med måten han førte liva deira på, og han truga dei med diaspora, ein dom som vart sett i verk både i 587 f.Kr og 135 e.Kr. 

V.28-31 syner til ei hending i 4.Mos.25 der israelittiske menn begynte å dyrka Baal-Peor, ein fruktbarhetsgud, og dei dreiv hor med moabittiske kvinner. Det var ein del av avgudsdyrkinga. Gud straffa folket med pest. Tusenvis døydde. Då tok Pinhas, barnebarnet til Aron, initiativ, drap ein israelitt og elskerinna hans, og pesten stoppa. For dette vart Pinhas rekna mellom dei rettferdige. 

Me lever i ei tid i vesten no der grenselaus seksualitet blir framheva som noko gjevt. Det er moderne Baal-dyrking. Utukt er akseptert av dei fleste, og blir praktisert av mange. Som kristne må me ta avstand frå dette, halda oss unna det, og melda oss ut av kyrkjesamfunn som godtek det som i dag blir kalla seksualmangfald. Seksuallivet høyrer utelukkande heime i det livslage ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann, og kristne lærarar som seier noko anna, har brote med Gud og hans ord. Dei er vranglærarar, ulvar i saueham. Dei er farlege, og skal ein kristen bli bevart hos Herren og veksa i nåde og kjennskap til han, må han/ho koma seg bort frå slike leiarar og søkja vern der Guds ord blir forkynt med truskap. 


Ingen kommentarer: