onsdag 11. mai 2022

Salme 106,32-41

v.32-33 Ved Meriba utfordra folket Gud. Dei klaga på at han ikkje sørga for dei skikkeleg. Dei mangla vatn, og det gjorde dei både sinte og sure. Dei gjekk til Moses og oppførte seg skikkeleg trugande, han var redd dei kom til å steina han. I tillegg ytra dei tvil om den Gud som hadde ført dei ut av Egypt, framleis var saman med dei.  Det var dette som gjorde Gud harm. Gud likar ikkje å bli mistrudd. Folket skulle ha samla seg til bøn, i staden samla dei seg til opprør, og Moses vart smitta av denne ånda av vantru og klaga høglydt til Gud om at livet hans stod i fare.  Då sa Gud til Moses at han skulle slå med staven sin på fjellet, og slik opna han ei vasskjelde. Han hjalp dei, men det var ein bismak i det alt saman. 

I vers 34-39 kritiserer salmisten folket for ikkje å ha fullført domen over folkeslaga i Kanaan ved å rydda dei ut slik Gud hadde sagt. I staden blanda dei seg med desse folkeslaga, og begynte å tru på gudane deira. Dei sokk lenger og lenger ned i heidenskapen, og begynte å ofra barna sine til vonde ånder. Dei auste ut skuldlaust blod, og slik vanhelga dei landet sitt og seg sjølve. Desse versa er lett å adressera til Noreg og mange andre land i vår tid då millionvis av skuldlause ufødde barn kvart år vert ofra til Gud veit kven på sjukehusa. 

v.40-43. Barnedrap vekkjer Herrens vreide og avsky. Dei som driv med slikt, vil hamna i hendene på andre folkeslag. Abortpraksisen har djupe åndelege implikasjonar. Så lenge me held på med dette svineriet, står me i fare for å tapa vår sjølvråderett, og skal me vera ærlege så er mykje av denne alt gått tapt for oss i Noreg. Lat oss no be om at folket enno ein gong må bøya seg for Gud, venda om frå syndene sine og be om nåde slik at me på sikt kan behalda og styrka sjølvråderetten. 


Ingen kommentarer: