tirsdag 26. april 2022

Salme 106,16-23

 v. 16-18. Misunning og sjalusi er grunnsynder som rir heile menneskelekta som ei mare. I Edens hage planta slangen løgner i Evas sinn, og ei av dei var denne: "Gud veit at den dagen de et av frukta på treet skal de bli som han og kunna dømma mellom godt og vondt!" Underforstått: Gud er kjip og kan nyta goder han ikkje ønskjer å dela med dykk. Difor har han forbode dykk å eta av dette treet, men de har ein sjanse til å få tak i desse godene utan å gå om Gud, de kan jo berre å forsyna dykk. Kvifor gjer det ikkje det? Og Eva vart forvirra og tenkte, ja, kvifor ikkje? Det kan jo ikkje skada å eta ei frukt, og skal me fram og opp her i verda, må me våga å sprenga nokre grenser. Så gjorde ho det. Ho åt av treet, og ho lokka Adam til å eta. Syndefallet var eit faktum, og misunning og sjalusi vart sementert i slekta som arvesynd. Abiram og Datan fekk folket til å tru at Moses og Aron nytte goder som dei andre ikkje kunne nyta. Israelittane gjorde difor opprør mot leiarane sine, og Gud måtte gripa inn med straffedom for å stoppa galskapen. 

v.19-23 handlar om gullkalven folket tvinga Aron å laga ved Horeb. I egyptisk religion var tilbeding av dyr vanleg. Israelitane må ha praktisert dette før Moses kom for å føra dei ut av slaveriet, og då han var på fjellet for å ta imot Guds ord, fall dei attende til gamle syndige vanar og brukte store deler av gullbehaldninga (som skulle brukast på utsmykking av tabernaklet) til å laga denne kalven. Dei kasta JHVH ut av liva sine, og fall på kne for demoniske makter. Dei"bytte bort ære med skam", for å sitera frå Rom. 1. 

Gud ville utsletta dei totalt, men Moses gjekk i mellom og sa at han heller ville at Gud skulle drepa han og spara folket, ikkje fordi han støtta folket i det dei hadde gjort, men fordi han elska dei, og fordi han ikkje ville at Guds namn skulle vanærast mellom dei andre folka. 

Moses hadde utvikla ein Kristuskarakter i sin omgang med Herren. 



Ingen kommentarer: