Takk Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn.
2 Kven kan nemna alle Herrens storverk,
fortelja om det herlege han har gjort?
3 Sæle er dei som tek vare på retten
og alltid fremjar rettferd.
4 Herre, kom meg i hug i din nåde mot folket ditt,
kom til meg med di frelse.
Salme 105, 106 og 107 er i same sjanger. Det er historiske salmer i den forstand at dei på ulike vis går gjennom Israels historie med vekt på Guds omsorg i møte med Israels utruskap.
v.1 Salmisten startar med å lova Herren, og oppfordra alle andre til det same rett og slett fordi Gud er så innmari god og miskunnsam.
v.2 Spørsmålet er retorisk. Ingen kan nemna alle Herrens storverk, dei er for mange. Ingen kan fortelja om alt det herlege han har gjort. Ingen har full oversikt, men noko av det kan me snakka om, både det som står i Bibelen, og det som me har erfart i våre eigne liv.
v.3 Å ta vare på retten er å la Guds lover få gjelda, og sjølv innretta seg etter dei. Dei som gjer det er sæle, eller velsigna.
v.4 er ei bøn om å bli hugsa i tider då Gud gjer godt mot folket sitt. Når salmisten ber om frelse, tenkjer han på å få å ikkje bli ekskludert når Gud gjer gode ting mot folket sitt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar