søndag 27. mars 2022

Salme 105,23-45

 23 Så kom Israel til Egypt,

          Jakob vart innflyttar i Hams land.
          
   
 24 Han gjorde folket sitt fruktbart,
          meir talrikt enn fienden.
          
   
 25 Han vende deira hug så dei hata hans folk
          og fór med svik mot hans tenarar.
          
   
 26 Han sende Moses, sin tenar,
          og Aron, som han hadde valt ut.
          
   
 27 Dei gjorde hans under mellom dei
          og teikn i Hams land.
          
   
 28 Han sende mørker, og det vart mørkt.
          Hadde dei ikkje trassa hans ord?
          
   
 29 Han gjorde vatnet til blod
          og drap fisken.
          
   
 30 Det krydde av frosk i landet,
          jamvel i kongens eigne rom.
          
   
 31 Då han gav bod, kom det lus
          og insekt i heile landet.
          
   
 32 Han gjorde regnet til hagl
          og sende flammande eld i landet.
          
   
 33 Han slo vinstokkane og fikentrea deira ned,
          han knuste kvart tre i landet.
          
   
 34 Då han gav bod, kom det grashopper
          og sirissar utan tal.
          
   
 35 Dei åt opp alt som voks i landet,
          dei åt opp grøda på marka.
          
   
 36 Gud slo alle førstefødde i landet,
          førstegrøda av deira kraft.
          
   
 37 Så førte han dei ut med sølv og gull,
          ingen i stammane hans snubla.
          
   
 38 Det var glede i Egypt då dei drog ut,
          landet var slege av redsle for dei.
          
   
 39 Han breidde ut ei sky til å dekkja dei
          og ein eld til å lysa om natta.
          
   
 40 Då dei bad, sende han vaktlar
          og metta dei med himmelbrød.
          
   
 41 Han opna berget, og vatnet strøymde fram,
          det rann som ei elv i det tørre landet.
          
   
 42 For han kom i hug sitt heilage ord
          til Abraham, sin tenar.
          
   
 43 Han lét folket sitt dra ut med glede,
          sine utvalde med jubelrop.
          
   
 44 Han gav dei land som andre folk eigde,
          dei overtok det andre hadde streva for,
          
   
 45 så dei skulle halda hans forskrifter
          og ta vare på hans lover.
          Halleluja!

Dette avsnittet oppsummerer Israels fødselshistorie, det 400 år lange slaveriet i Egypt, alle landeplagene, utferda frå Egypt, ørkenvandringa og fram til innvandring og landnåm. 

Eg vil ikkje her kommentera alle desse versa, men heller dra ei samanlikning. For liksom nasjonen Israel vart fødd ut av slaveri under faraos brutale makt, slik blir Guds rike fylt opp av menneske som blir frelst ut av synda, døden og djevelens makt, og inn i Guds rike. 

Israel vart frelst ut frå Egypt av Moses. Me som lever i dag blir frelst ut frå trældomen under synda av Jesus Kristus. 

Moses førte Israel gjennom Raudehavet og den skrinne Sinaiørkenen til landet Gud hadde lova dei, Kanaan, eit land som "flaut av mjølk og honning", som det står.

Jesus fører sine truande frå alle nasjonar på ein smal veg mot heimlandet i himmelen. 

På vegen frå Egypt til Kanaan erfarte Israel Guds truskap og omsorg. Han gav dei manna, vaktlar og vatn. Men han var streng med dei også når dei gjorde opprør og var misnøgde med korleis Gud tok vare på dei. 

Jesus var grunnfjellet i disiplane sitt liv. Han forsørga dei, og dei følte seg alltid trygge saman med han, og det gjer dagens truande også. 

Ingen kommentarer: