torsdag 24. mars 2022

Salme 105,16-22

Han kalla hungersnaud over landet
          og braut sund kvar brødstav.
          
   
 17 Han sende ein mann føre dei,
          Josef vart seld som slave.
          
   
 18 Dei tvinga føtene hans i lenkjer,
          jern vart lagt om halsen,
          
   
 19 heilt til det han sa, vart oppfylt
          og Herrens ord gav han rett.
          
   
 20 Kongen sende bod og sette han fri,
          han som herska over folka, sleppte han laus.
          
   
 21 Han sette han til herre over sitt hus,
          til herskar over all sin eigedom.
          
   
 22 Han skulle rettleia kongens stormenn etter sin vilje

          og gje hans eldste sin visdom. 

Forteljinga om Josef i 1.Mosebok er heilt unik. 
Det viser oss at Herren snur alle djevelens vonde planar til velsigning for sine barn, og ikkje berre for dei som tilhøyrer han, men også for mange andre. 
Me kan aldri fullt ut forstå korleis Gud styrer historia, og når meiningslause ting skjer, lurer mange på om han i det heile tatt finst, og om han finst, om han i det heile tatt har kontroll over noko som helst.
Men det har han, og det skal me som er kristne både tru og forkynna. Og om alt ser svart ut, skal me i det minste vita at alt samverkar til det gode for dei som elskar Gud. Rom.8,28.
Kjære ven! Du kjem aldri ut med tap om du elskar Gud. 
Josef hadde ei profetisk gåve. Det var denne gåva som gav han problem. No var det vel ikkje verdas luraste ting for Josef å dela draumane sine med brørne sine, draumar som sette han over dei. Men me må vera veldig klåre på dette: Det var ikkje Josefs dårskap som var skuld i at han vart seld til Egypt, nei, det var brørne sin vondskap. Det er alltid den som gjer ei ugjerning som er skuld i ugjerninga, ikkje dei eller det som motiverte personen til å gjera det som var galt. Uansett: hans profetiske ord gjekk i oppfylling, og det syner oss at Josef var ein sann profet. 
Josef sat 13 år i egyptisk fengsel etter å ha blitt utsett for falske klagemål om å ha forgrepe seg seksuelt på kona til Potifar. Han vart felt på hennar vitnemål, og eit ufatteleg svakt "bevis". Det heile var ein hevnakt. 
Men Josef hadde reint samvit. Han hadde stått imot freistinga og tilbodet om å bli elskaren til Potifera, og han måtte betala dyrt for å ha avvist henne. 
I dag opplever me at rett mange kristne leiarar ikkje klarar å motstå lystene sine, og blir avslørte som horkarar. Det påfører kvinner, kyrkja og seg sjølve stor, stor skade, og dei vanærar Jesus. Josef stod derimot sin prøve, og det vart til velsigning og lækjedom for nasjonane. 
Freistingar er uunngåelege. Men å falla for freistingar, det treng ingen å gjera. Alle kan me, som Josef, velja å gå Guds veg. Går me vår eigen veg, knuser me oss sjølve og andre. Seier me nei til oss sjølve og ja til å gå på Guds veg, blir me til velsigning og lækjedom for mange. 
Det er ein regel i Guds verdsstyre som er slik: Gud undertrykkjer undertrykkjarar, og han løftar opp dei undertrykte. Dette er fint og sterkt uttrykt i Marias lovsong i Lukas 1. 
Det ser me skjedde i Josefs liv. Etter 13 år i fengsel vart han den mektigaste mannen i Midt-Austen. 
Han som kunne referera og tolka faraos draum, vart kongens øvste rådgjevar og tillitsvalde. Han berga både Egypt og omkringliggjande nasjonar, inkludert si eige slekt som enno ikkje var nokon nasjon. Fangen Josef vart til statsministeren Josef. Forteljinga syner oss korleis den profetiske gåva kan fungera i politikken, og sant og seia burde det vera det normale også i vår tid at kristne talte profetisk til politikarane, og at me hadde kristne profetiske politikarar. 
Det me her har snakka om ser me alle mest utprega i Jesu liv. Han vart pint under Pontius Pilatus, håna, spytta på, piska, slått, krossfesta og spotta på nytt før han døydde som den uslaste forbrytar, og det berre fordi han hadde gjort godt og talt rettferd. 
Men den tredje dagen stod han opp att frå dei døde kledd i ein herlegdomslekam som aldri kan døy, og tildelt all makt i himmel og på jord. Ein dag, når evangeliet om riket er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag, då kjem han att for å dømma levande og døde. Då skal alle som har audmjuka seg under hans mektige hand, opphøgast til ein ærefull plass i hans evige rike, og dei som har stått han imot og opphøgja seg over hans autoritet, vil for evig bli plassert utanfor hans rike, på ein plass der dei til ingen nytte gret og skjer tenner.



Ingen kommentarer: