fredag 18. mars 2022

Salme 105,8-15

 Han kjem i hug si pakt til evig tid,

          ordet han gav, i tusen slektsledd,
          
   
  9 pakta han gjorde med Abraham,
          og eiden han svor til Isak.
          
   
 10 Dette sette han opp som ei forskrift for Jakob,
          som ei evig pakt for Israel.
          
   
 11 Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaan
          til arv og eige.»
          
   
 12 Der var dei ein liten flokk,
          få og framande.
          
   
 13 Dei vandra frå folk til folk,
          frå det eine riket til det andre.
          
   
 14 Men han lét ingen få undertrykkja dei,
          han refsa kongar for deira skuld:
          
   
 15 «Rør ikkje dei som eg har salva,
          gjer ikkje vondt mot mine profetar!»

Det første me lærer her er at Herren hugsar på pakta si til evig tid, ordet han gav i tusen slektsledd. For oss er det nærliggjande å tenkja på den nye pakta som han inngjekk med ALLE menneske gjennom Jesus Kristus, den som handlar om at alle som trur på Jesus får tilgjeving for alle synder og evig liv. Og denne pakta gløymer Gud aldri. Den står fast. Men i denne salma er det pakta Gud inngjekk med Abraham i 1.Mosebok 17 det er snakk om. I dette kapitlet talar Gud til Abraham, kallar han til eit liv i nærkontakt med seg, erklærer at han vil vera hans Gud, gjera slekta hans gjennom Isak stor og overgje Kanaans land i deira eige (vers 11). Dette er ei evig pakt som aldri er blitt oppheva, og dei som i dag jobbar for å gjera Israel om til Palestina, kjempar mot Gud. Jesus er Davids Son og Israels konge, og samstundes er han det universelle Guds rikes konge, det riket som ikkje er av denne verda, det som alle ikkje-jødar som trur på Jesus tilhøyrer.
vers 12-15 skildrar Guds omsorg for dette folket i den tida då dei var små og levde som nomadar. Sjølv om folket var lite, var dei frie. Gud let ingen undertrykkja dei, og han åtvara kongane mot å prøva seg på det. "Ikkje rør profetane mine," sa han til dei. 
Det er interessant at han kallar folket sitt for "profetane sine" som han har salva, dvs utrusta med Anden. 
Moses sa ved eitt høve: "Gje at heile Guds folk var profetar!" 
Og Paulus skriv i 1 Kor 14 og oss kristne at "alle kan tala profetisk". 
Profetiens nådegåve er den største av alle nådegåver, og den som me alle må be om å få og strekka oss etter, skriv han i starten av dette kapitlet. Kvifor det? Fordi den byggjer opp kyrkjelyden. Profetgåva er ekstremt effektiv i evangeliseringsarbeidet, og eit gudlaust menneske som får eit profetisk ord som  råkar, blir veldig raskt eit kristent menneske. 

Gud vil halda alle som skadar hans barn og hans folk ansvarleg for dette, og i vår tid då millionvis av kristne og jødar blir utsette for forfølging, er det mange som ber ved til sitt eige bål, for å seia det slik. 

Ingen kommentarer: