torsdag 16. juni 2022

Salme 107,23-32

 Somme fór ut på havet med skip,

          dreiv handel på veldige vatn.
          
   
 24 Dei såg kva Herren gjorde,
          hans undergjerningar ute på djupet.
          
   
 25 Han tala, og det bles opp til uvêr,
          bølgjene gjekk høge.
          
   
 26 Dei steig mot himmelen, dei sokk i djupet.
          Dei mista motet i nauda,
          
   
 27 dei tumla og rava som drukne,
          det dei kunne, var til inga nytte.
          
   
 28 Då ropa dei til Herren i si naud,
          og han førte dei ut av trengslene.
          
   
 29 Han fekk stormen til å stilna,
          og bølgjene la seg.
          
   
 30 Då det stilna, vart dei glade.
          Han førte dei i hamn der dei ville.
          
   
 31 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,
          for hans undergjerningar mot mennesket.
          
   
 32 Dei skal opphøgja han når folket samlast,
          prisa han der dei eldste sit.

Salmane er skrivne i ei tid då folk som budde ved Middelhavet forlengst hadde skaffa seg store havgåande skip. Særleg var fønikarane dugande sjøfolk. Dei budde i dagens Libanon, i Tyrus og Sidon, og dreiv handel over alt, og særleg i Nord-Afrika der dei grunnla den store og rike byen Kartago i dagens Tunisia. 
Men dei som seilte på havet kom ut for store stormar som skremde dei. Det ser me i forteljinga om profeten Jona. Då mista barske sjøfolk motet og begynte å kalla på Gud eller på gudane sine om dei var heidningar, og gong på gong erfarte dei at han berga dei ut or trengslene. Dei vart frelste. 
Kjære ven! Er du ute i hardt vær? Blir du overskylt av vanskar som du ikkje klarar å handtera sjølv? Kjenner du deg som ei flis som kraftlaus og viljelaust blir driven av vind og vær på eit opprørt hav? Kjenner du redsla har festa seg som ei kald klo i brystet ditt. Kall på Jesus, så skal du bli frelst. Han stiller stormen og fører deg til ein trygg plass. Då skal du prisa og lova Herren for hans miskunn og for hans undergjerande makt. Det som er så fint med å ta imot hjelp frå Herren, er at du ikkje berre får hjelp i det ytre, men også i ditt indre. Du lærer deg å elska han som som skapte deg og som vaker over deg og lyttar til deg når du ber, og du kjenner deg driven mot andre som elskar han, til den kristne kyrkja der du kan lova og prisa Gud "der dei eldste sit", altså der kyrkjelyden sine leiarar er. Det lærer me her i Salme 107. 

Ingen kommentarer: