lørdag 11. juni 2022

Salme 107,10-16

 «Somme sat i mørker og dødsskugge, bundne i naud og jern, for dei hadde trassa Guds ord og forakta råd frå Den Høgste. Hjarta deira var kua av slit, dei snubla, det var ingen som hjelpte. Då ropa dei til Herren i si naud, og han berga dei ut av trengslene. Han førte dei ut av mørker og dødsskugge og sleit sund lenkjene deira. Dei skal prisa Herren for hans miskunn, for hans undergjerningar mot mennesket. Han knuste dørar av bronse, bommar av jern hogg han sund.»

Når me trassar Guds ord og foraktar råd frå Den høgste, skaffar me oss sjølve store problem. Det er mange fallgruver som Guds lover fører oss utanom dersom me følgjer dei. Men vel me å trassa dei, ramlar me oppi alskens problem av økonomisk, sosial, psykologisk og åndeleg art. Me hamnar i mørker og dødsskugge, og evnar ikkje å berga oss sjølve. Me må ropa til Gud om hjelp. Men er han tilgjengeleg for oss når problema me sit fast i er sjølvpåførte? Ja, i høgste grad. Når me berre sannar syndene våre og vender oss bort frå dei, då grip han mektig inn og hjelper oss ut av problema me er komne oppi. Han frir oss frå alle skadelege bindingar til personar og miljø som aksepterer og elskar synda, og fører oss saman med menneske som er gode og ærlege og som vil oss vel. Vonleg er desse å finna i Guds kyrkje, i samfunnet mellom dei heilage. 

Mange menneske sit fanga i store vanskar. Det er som om alle alle dørar er stengde for dei. Men Gud er den som kan knusa slike bronsedørar og hogga sund bommar av jern slik at alle som kallar på han, blir ført ut i fridom, som Peter sa på pinsedag: "Og kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst!" Ein lovnad som gjeld for alle menneske kvar einaste dag. 

Ingen kommentarer: