tirsdag 14. mai 2024

Salme 122,5-9

 Det er ei lov for Israel

å prisa Herrens namn.

5 Ja, der står troner for dommarar,

kongsstolar for Davids hus.

6 Bed om fred for Jerusalem!

Må dei som elskar deg, leva trygt!

7 Må fred råda innanfor dine vollar,

tryggleik i dine borger!

8 For mine brør og vener skuld

vil eg seia: «Fred over deg!»

9 For tempelet skuld,

Herren vår Guds hus

vil eg ønskja deg det gode.

Vers 4b bør alle jødar og kristne merka seg: Å prisa Herren er ei lovpålagt plikt for Israel, og dermed for alle oss heidningekristne som er pota inn i Israel. Åndeleg sett er me heidningar som trur på Jesus jødar fordi Jesus er jøde. Så, min ven, lat lovsongen lyda frå hjarte og munn gjennom heile dagen. Å vera menneske er å vera ein tilbedar av himmelens Gud. 

v.5. I Jerusalem står troner og kongsstolar for Davids hus. Høyr no: Som truande kristen er du ein del av eit kongeleg presteskap. Ditt kall er ikkje berre å lovsynga Herren, men også å utøva autoritet på jorda. Det går heilt attende til 1.Mosebok 1,26-27 der Gud sette menneska han skapte i sitt bilete til å råda. Denne autoriteten brukar du til å kalla folk til omvending og tru, lækja dei sjuke og setja fri dei demonbesette. 

Men dette verset peikar også framover mot tusenårsriket då apostlane skal sitja på 12 troner og dømma Israels 12 stammer. Det ligg til framtida.

Vers 6- 9 er skræmande dagsaktuelt. Det er ikkje meir enn to veker sidan Iran gjekk til åtak på Jerusalem med rakettar. Og dette gjorde dei sjølv om dei meinar at Jerusalem er ein heilag by i islam. Så heilag var byen for dei. Kvar dag ber me om fred for Jerusalem og tryggleik for alle som elskar byen. Det er naudsynt i ei tid då antisemittismen blomstrar i verda som aldri før etter 1945. Det er ganske merkeleg å vera vitne til korleis hatet mot Israel og jødane enno  ein gong flammar opp i gatene og på universiteta i storbyane i Europa og Amerika. Det er djupt urovekkande, og stadfester for oss kor viktig det er at verdas jødar har eit land dei kan koma til der dei kan vera trygge, i den grad dei kan det der. 

Herrens tempel var i Jerusalem. Det gav byen ei djup meining for jødane. Men i 587 f.Kr. vart tempelet øydelagt av den babylonske hæren, rive og brent. Det skapte undergangsstemningar og store sår i den jødiske sjela. Dei fekk smått om senn bygd tempelet opp att, men aldri til den standard som det første tempelet hadde hatt. Uansett var det jordiske tempelet kunne mellombels. Det skulle erstattast av noko langt større, herlegare og uangripeleg. Gud sjølv kom til dei gjennom Jesus. Hans kropp vart Guds tempel i Israel.  Før hans tid gjekk jødane til tempelet for å få hjelp i si naud. Då Jesus kom, gjekk dei til han. Det var eit teikn. 

Nå treng ikkje Israel å attreisa noko tempel. Dei treng berre å ta imot Jesus, så blir dei sjølve ein del av Guds tempel på jorda, bygd av levande steinar, som Peter uttrykkjer det i kapittel 2 i sitt første brev. Det har mange av dei alt gjort, og snart kjem heile Israel til å hylla Jesus som konge, og det at dei kjem til tru på han, og kallar på han vil føra til stor velsigning for jordas mange folk. Når me ber om fred for Jerusalem, er Jesus svaret, for han er vår fred, skriv Paulus til efesarane. 


Ingen kommentarer: