onsdag 24. april 2024

Salme 122,1-4

  Ein song til festreisene. Av David.

Eg vart glad då dei sa til meg:
«Vi vil gå til Herrens hus.»
2 Ofte har føtene våre stått
i portane dine, Jerusalem.
3 Jerusalem, du er bygd
som ein heil og samla by!
4 Dit dreg stammene opp,
Herrens stammer!
Det er ei lov for Israel
å prisa Herrens namn.

Denne teksten løftar Guds kyrkje opp på eit nivå der ho høyrer heime, som verdas mest fantastiske fellesskap.

For jødane var tempelet i Jerusalem Herrens hus. Hans nådige nærvær på jorda var knytt til denne plassen. I vår tid og i vår samanheng bur Herren Jesus i alle som trur på han, og tempelet i Jerusalem er blitt erstatta med den kristne kyrkjelyden. Guds nådige nærvær på jorda er å finna alle plassar der det er kristne menneske, og i særleg grad der  Jesustruande finn saman for å prisa og tena Han. 

Alle kristne elskar sine kristne søsken. Det er eit kjenneteikn på personar som har Guds Ande. Og dei som elskar sine kristne medsøsken, elskar også å vera saman med dei, og dei gleder seg til neste gudsteneste, bibelgruppe eller bønnegruppe. Det er naturleg. 

Dersom du ikkje kjenner på dette, må du be Gud om å kasta ljos over livet ditt og syna deg kva du må venda om frå slik at han kan reinsa deg og fylla deg med Anden på nytt. Då vekkest kjærleiken til Gud i deg, hans familie og hans misjon. 

v.3 Jesus elskar at kristne står saman, og han ber i Johannes 17 om at me alle må vera eitt slik at verda kan tru at han er den han er. Dette skulle motivera oss til i stor grad å søka saman, ja, ha mestd mogeleg i lag. Herren vil byggja Jerusalem som ein heil og samla by. 

Israels folk og land har eit stort kall over seg: Dei skal prisa Herrens namn og gjera dette kjent over jorda. Du og meg som Jesustruande heidningar er invitert inn i det same kallet. Når kvar av oss lovar, ærar, hyllar, opphøgjar, tilber og lyder kong Jesus, gjer me hans namn stort mellom folk, og jo klarare dei ser han for sitt indre, jo fleire av dei vil begynna å tru på han og setja si lit til han. Slik veks Guds rike fram. 


Ingen kommentarer: